Kommunalsjef Mariann Hilt, kommunelege Lars Helge Sørheim, ordførar Gaute S. Epland (Ap) og kommunalsjef Knut J. Gram utgjer kriseleiinga i kommunen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommune kom fredag ettermiddag med nye tiltak for å avgrensa smittespreiinga i lokalsamfunnet.

Den andre smittebølgja av koronaviruset er eit faktum, og Bergen og Oslo har i praksis blitt nedstengt.

No er det klart at også kriseleiinga i Stord kommune gjer grep, men ikkje like inngripande som kommunane rundt Bergen.

– I Stord kommune tilseier ikkje smittesituasjonen i dag at me skal innføra dei same tiltaka. Me er heller ikkje  del av den same bu- og arbeidsregionen, melder Knut Gram i kriseleiinga.

Nye innstrammingar

Likevel gjer Stord kommune innstrammingar. Dette er tiltaka og oppmodingane som blei bestemt frå fredag av:

  • Den offentlege badinga i kulturhuset vert stengt frå og med laurdag 6. november. Organisert trening og symjeopplæring i skulen vil fortsetta.
  • Kommunen oppmodar om å avlysa breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år.
  • Trening for born og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men ikkje kampar, turneringar og liknande.
  • Treningssenter må sørga for at det ikkje er fleire i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand.
  • Besøksrestriksjonane på sjukeheimane vert skjerpa inn frå og med laurdag 6. november.
  • Ungdomsskulane vert på raudt nivå i to veker frå og med måndag 9. november. Kommunen oppmodar om raudt nivå på vidaregåande skular i same periode. Barneskulane er inntil vidare på gult nivå.
  • Det vert oppmoda om ei øvre grense på 50 deltakarar på alle arrangement, og at det vert ført gjesteliste. Oppmodinga gjeld også for arrangement med fast seteplass.

Besøkande må bruka munnbind

Besøksrestriksjonane ved sjukeheimane medfører at det no berre er løyve til eitt besøk dagleg for kvar bebuar. Berre næraste pårørande får koma på besøk, og berre to personar om gangen.

- Annonse -

Besøkjande må bruka munnbind under besøket, og halda to avstand til bebuaren. Besøkstid blir sett frå klokka 10:30 til 12:30 og frå 16:30 til 18:00.

Forventning om tillit

Gram seier han har trua på at innbyggjarane på Stord forstår alvoret i situasjonen.

– Kriseleiinga har forventning om og tillit til at innbyggjarane ser alvoret i situasjonen og følgjer oppmodingane sjølv om Stord kommune så langt ikkje har innført påbod, seier Gram.

Kommunen gjer for ordens skuld merksam på at manglande oppfølging av pålegg om karantene kan medføra straffeansvar.