Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Eit tre fall over Sagvågsvegen og sperra begge felt i ein halvtime.

– Det kan vere lurt å velje ein annan veg, opplyste Sørvest politidistrikt på Twitter  14.11 måndag ettermiddag.

Det oppsto lange køar i begge retningar etter at treet velta. Ingen vart heldigvis skadd i hendinga.

– Ingen vart skadd etter at eit stort tre velta over vegen. Det var mykje kø på staden og Vegtrafikksentralen vart fort på veg for å fjerne treet, opplyser Jostein Reiestad, operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt.

Det var ved innkøyringa til Valvatna-feltet at trevelten skjedde.

14.38 vart vegen opna igjen.

- Annonse -

Har du bilete? Send til redaksjonen@stord24.no.