Koronatesting på Bømlo. Foto: Bømlo kommune
- Annonse -

Utbrotet kjem frå to ulike forsamlingar i helga som var.

Onsdag meldte Bømlo kommune om at ein person var påvist smitta av korona etter test tatt måndag. Same ettermiddag fekk kommunen melding om nok eit smittetilfelle. Smittesporing vart iverksett på nytt retta mot dette utbrotet.

Torsdag melder Bømlo kommune at smittetalet har auka til heile 13 personar.

Fungerande smittevernlege Anne Marit Særsten Halvorsen fryktar at det er snakk om den smittame Delta-varianten.

– Me har kontroll på den eine forsamlinga, og held på med kartlegging av den andre. Me fryktar å stå ovanfor ein variant med stort smittepotensiale då personar som i kun kort tid har vore saman er blitt smitta. For å avgrensa skadeverknader og smittepotensiale ber me om at alle smittevernråd vert fulgt og tal nærkontaktar minimerast inntil vidare, oppmodar ho.

Stort tal nærkontaktar

Smittesporingsteamet er i full gang med å kontakta nærkontaktar til dei smitta.

- Annonse -

– Problemet her er det store talet nærkontaktar. På desse to festlege samkomene var det mange deltakarar på kvar. Også fullvaksinerte som deltok og seinare har testa seg i andre kommunar har fått påvist smitte, seier Halvorsen, som held fram:

– Sjølv om ein er vaksinert, så kan ein likevel vera smitteberar og med ferietid og auka reiseaktivitet er det svært viktig å vere varsam og framleis ha ein låg terskel for å testa seg. Pandemien er på langt nær over.

Halvorsen opplyser overor Stord24 at dei to forsamlingane er private arrangement med inviterte personar.

Snart musikalpremiere

Det er berre få dagar igjen til premieren på årets musikal på Moster Amfi. Smittevernlegen seier det er for tidleg å seia om smitteutbrotet kan få nokre konsekvensar for dette arrangementet.

– Det er alt for tidleg å seia, men me har det i bakhovudet. Men me har kontroll på situasjoenen og har oversikt over situasjonen akkurat no. Me har førebels ikkje gått ut med noko restriksjonar knytt til arrangement.

Sammy Olsen frå Senterpartiet er ordførar i Bømlo. Foto: Sp

Store konsekvensar

Ordførar Sammy Olsen i Bømlo fryktar eit større smitteutbrot på slutten av sommarferien.

– Me er knappe tre veker unna skulestart og folk skal tilbake i arbeid. Eit større smitteutbrot no får store konsekvensar med mange i karantene og isolasjon. Dette vil få verknad for både folks ferieavvikling, ferieturar og kanskje og oppstarten etter sommaren.

Han oppmodar innbyggjarane til å gjera kva dei kan for å unngå smitterisiko.

Bømlo kommune oppmodar våre innbyggjarar om å unngå større sosiale samlingar, avgrensa besøk i private heimar til 10 personar, ha få nærkontaktar, halda avstand, og å bruka munnbind der tilstrekkeleg avstand ikkje kan haldast, i alle fall ut denne veka.