Dokumentarfilmen Tomorrow har blitt sett av 1,5 millionar franskmenn. No kjem filmen til Stord for første gong.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord vidaregåande skule, Framtida.no, Naturvernforbundet, og ei rekkje organisasjonar fargar Stord grønt i februar med ei rekkje opne arrangement.

Pressemelding frå Framtida.no.

– Desse vekene med fokus på FN sine berekraftsmål vil innehalda eit mangfoldig, offensivt og rikt program, seier Øystein Djuve ved Stord vidaregåande. Han var med på å starta Berekraftvekene i fjor. I år er satsinga vakse seg langt større med seks opne arrangement og ei lang rekkje aktivitetar og tverrfaglege opplegg på skulen.

Berekraftvekene byrjar på Stord folkebibliotek med møte om andelslandbruk 10. februar med Lønning Lutlandbruk. På biblioteket om kvelden måndag 11. februar kjem den inspirerade formidlaren Mette Nygård Havre frå folkerørsla «Spis opp maten» for å snakka om matsvinn. Her vil også elevar frå Stord vidaregåande delta.

Viser film som har starta folkerørsle

Tysdag kveld arrangerer Stord filmklubb og Stord vidaregåande visning av den inspirerande filmen «Tomorrow» som er sett av 1,5 millionar franskmenn, og har starta ei folkerørsle for klimavenlege løysingar.

Onsdagen viser Stord filmklubb, Miljøagentane på Stord og Stord kino den japanske filmen «Prinsesse Mononoke». Filmen sette det japanske animasjonsfilmselskapet Studio Ghibli og regissør Hayao Miyazaki på det internasjonale filmkartet då han kom, og blir no vist i Stord kino.

For første gong på Stord

- Annonse -
- Annonse -

Torsdag kjem stordabu og direktør ved Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen, Tore Furevik, til Stord folkebibliotek for å halda eit føredrag om klimaendringar. Fylkessekretær i Naturvernforbundet og frontkvinne i opprøret mot monstermastene i Hardanger, Synnøve Kvamme, kjem også. Den prisvinnande musikaren Jørgen Sandvik speler og syng. Dette møtet blir arrangert av Naturvernforbundet.

Måndag 18. februar blir Berekraftvekene avslutta med tidenes første Pecha Kucha-kveld på Stord. Pecha Kucha er ein presentasjonsform der fleire innleiarar får 20 bilde x 20 sekund til å fortelja om eit spennande prosjekt, idéar og løysingar. Dette blir arrangert av Framtida.no i samarbeid med Atheno.

- Annonse -

Skulle ha vore berekraftig i 2015

For 20 år sidan vedtok kommunestyret at Stord kommune skulle vera berekraftig innan 2015.

– Me vil ta tempen på kor berekraftige me eigentleg er, og håpar å skapa engasjement for lokale klimaløysingar, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no.

Framtida.no er i gang med eit stort klimajournalistikkprosjekt i samarbeid med 100 lokalaviser, ABC Nyheter og Energi og Klima. Langåker er glad for samarbeidet med Stord vidaregåande og at så mange organisasjonar er med på å arrangera Berekraftvekene på Stord.

Tverrfaglege opplegg

– Berekraftvekene 2019 er ei viktig markering for skulen. Elevane og tilsette vil også desse vekene gjere skulen veldig aktuell både i innhald og gjennomføring, seier Øystein Djuve.

Gjennom tverrfaglege opplegg, djupnelæring og samarbeid med eksterne aktørar vert skulekvardagen prega av korleis ein skal skapa ei rettvis og berekraftig framtid lokal og globalt.

– At dette er samansett viser programmet for desse vekene. FN-sambandet, Framtida.no og Stord kommune har vore viktig samarbeidspartar i planlegging av arrangement. Av store arrangement som alle elvane deltar på samla som skule vil eg trekke fram opninga i Sportsenteret og Solidaritetsaksjonen, seier Øystein Djuve.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -