MF Samnøy i ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Dei kraftige vindkasta held fram og byr på utfordringar for trafikken til sjøs.

Reiarlaget Torghatten Nord varsla onsdag kveld at dei frykta kansellerte avganger natt til torsdag grunna det varsla uvêret. Klokka 04:20 vart ferjesambandet på E39 mellom Halhjem og Sandvikvåg innstilt.

Først i 09-tida vart sambandet delvis opna att.

– Alle avgangar går med vêratterhald. Forseikingar må påreknast, melder Torghatten Nord.

Ferjesambandet Buavåg-Langevåg er innstilt inntil vidare, det same er Austevollsruta.

Ifølgje meteorologane i YR er det venta forbigåande minkande vind torsdag morgon, gjeldande Vestlandet sør for Stad. Om føremiddagen er vinden venta å tilta igjen, til liten eller full storm, med lokale vindkast på 33-37 meter i sekundet.

- Annonse -