Foto: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Måndag kveld vart 14 køyretøy innom kontroll hos Statens Vegvesen på Stord. Dette resulterte i sju bruksforbod.

Bruksforboda går på tilfelle av overlasta køyretøy, manglande lastsikring, sikthindringar i frontruta, manglande merking av spesialtransport, manglande dokumentasjon på farleg gods og mangelfull utfylling av fraktbrev.

Eitt av vogntoga fekk pålegg om full stans då både bil og tilhengjar vart avskilta på staden.

– Bakgrunnen var at kontrollørane fant at manglar frå tidlegare kontrollar ikkje vart utbetra, opplyser kontrolleiar Jo Kjetil Strand.

- Annonse -

I tillegg vart det gitt åtvaring til ein sjåfør etter at det vart avdekka brot på køyre- og kviletidsreglane.

To vogntog valde å ikkje stanse for kontroll.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -