Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Føraren, ein mann i 50-åra, vart frakta til legevakta med kutt i hovudet.

Klokka 16.30 fekk politiet inn melding om ein bil som har køyrd inn i eit tre på i Rommetveitsvegen.

– Føraren er oppegåande og ute av bilen. Bilen har fått store skadar i fronten, opplyser politiet på Twitter.

Kollisjonen skal ha skjedd då føraren vart uoppmerksom då noko falt ned frå setet.

– Det kan sjå ut som han blei uoppmerksam då han skulle plukke opp noko som falt ned frå setet, og då køyrde han inn i eit tre, seier operasjonsleiar Helen Rygg Ins i Sørvest politidistrikt.

Mannen vart frakta med ambulanse til legevakta etter å ha fått kutt i hovudet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det var ikkje snakk om noko stor fart, men han har likevel klart å skada seg i hovudet, og måtte til legevakta for å sy nokre sting i panna.

Det er ikkje gjort førarkortbeslag etter uhellet, men politiet oppretter sak etter hendinga.

Bilen er fjerna og vegen er opna for trafikk.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -