Skisse over miljøgata gjennom Leirvik sentrum. Dette er eitt av tiltaka som er føreslått prioritert i Stordpakken.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg tenkjer at det ikkje er nokon grunn til å meine noko anna no enn det me gjorde tidlegare i år, seier ordføraren.

Før sommaren røysta eit større fleirtak i kommunestyret mot bompengeringen Stordpakken, som var meint å finansiere ei rekkje større veg- og sykkelvegprosjekt på lokalvegnettet.

I vedtaket vart det peika på å sjå på vegprising som ei mogleg finansieringsløysing, ved å søkje Samferdselsdepartementet om å delta i eit pilotprosjekt. Men tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) melde tilbake at dette var uaktuelt.

Det var bakgrunnen for at for at Sigbjørn Framnes (Frp) la fram forslag om ei ny avrøysting av Stordpakken på kommunestyremøtet i september.

Vil ha endeleg avklaring

– Me må få ei endeleg avklaring rundt Stordpakken. Det som er utfordringa no er at Stordpakken berre blir liggande og vente på handsaming av ein pakke som kanske aldri vil bli realisert, sa Framnes.

I neste veke kjem saka altså til ny handsaming, under formannskapet sitt møte 5. desember. Prosjekta blir i denne runden prioritert slik:

- Annonse -
- Annonse -

a) Tysevegen
b) Miljøgate Vabakkjen-Øvre Sæ
c) Litlabøvegen
d) Hovudsykkelveg
e) Sagvågvegen
f) Andre utbetringar

- Annonse -
Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Stord kommune

– For høge driftskostnader

Det som kan velte lasset i den eine eller andre retninga er om Arbeidarpartiet kjem til ein annan konklusjon denne gongen, i og med at ei pilotordning med vegprising ikkje er aktuelt, slik Ap ville før sommaren.

Ordførar Gaute Epland (Ap) seier at partiet ikkje har diskutert kva dei vil lande på no, men at han sjølv står på vedtaket frå førre runde.

– Eg tenkjer at det ikkje er nokon grunn til å meine noko anna no enn det me gjorde tidlegare i år. Me er positive til prosjekta i Stordpakken, men meiner at dei høge driftskostnadene er ein for høg pris å betale.

– Stadig fleire snakkar og om vegprising som eit betre alternativ enn bompengefinansiering. Så eg håpar og trur det ikkje treng vere så lenge til det er eit alternativ, seier Epland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -