Brua er framleis stengt grunna tekniske undersøkingar på staden. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ifølgje vitner på staden skal eit vogntog ha mista ein gjenstand som traff bilen den omkomne sat i. Vegen vert stengt fram til cirka klokka 12:00.

SISTE: Politiet opplysar på Twitter at det er deler av kapellet på vogntoget som skal ha løsna og truffe varebilen.

Det var klokka 06:45 torsdag at politiet fekk melding om ulukka på Stordbrua. Dei involverte er ein varebil og eit vogntog, og ulukka skjedde like ved søndre brutårn.

Politiet i Sør-Vest meldte på Twitter klokka 07:10 at ein person er omkommen etter at ein gjenstand frå eit vogntog ifølgje vitner skal ha truffe ein bil i motgåande retning. Vogntoget køyrte vidare sørover.

– Det eg kan sei er at det var to personer i bilen som vart truffet, og at den eine er omkommen. Den andre er ved medvit. Vi har ikkje kontroll på vogntoget, men har sendt politibiler ut i søk etter dette, fortel operasjonsleiar Brit Randulff frå politiets operasjonssentral.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Sjåføren av vogntoget er i avhøyr

Kriminalteknikarar og ulukkesgruppa frå vegvesenet er på veg til staden, og brua er stengt i begge retningar. Klokka 07:26 meldes det på Twitter at også Bømlafjordtunnelen vert stengt som følgje av kø. Det arbeides med omkøyring.

- Annonse -

Klokka 07:33 meldte politiet at det involverte vogntoget er stansa av ein politipatrulje på E39 ved Grønåsen.

Operasjonsleiar Randulff opplysar klokka 08:27 at sjåføren av vogntoget er i avhøyr. Det er sjåføren av varebilen som er omkommen, og passasjeren er tilsynelatande fysisk uskadd. Randulff kan ikkje sei noko om alder på dei involverte.

– Passasjeren var i sjokk og blir tatt vare på av helsepersonell. Vegen er fortsatt stengt, og det er vanskeleg å sei kor lenge den vert verande det. Det foretas teknisk undersøking på staden enno.

Kan ta ferje

Politiet opplysar på Twitter like etter klokka ni at reisande frå Bømlo som skal sørover, kan ta ferje frå Langevåg til Buavåg all den tid Bømlafjordtunnelen er stengt. Politiet estimerar at Stordbrua, Bømlafjordtunnelen og Bømlabrua vil vere stengt fram til cirka klokka 12:00.

– Kriminalteknikarane gjer undersøkingar av åstaden for å danne seg eit bilete av kva som har skjedd, og kva spor på åstaden som kan forklare dette, seier lensmann Odd Harald Hovland.

Foto: Jonas Sætre/Stord24