Foto: Eldøyane næringspark
- Annonse -

NorSea storbase oppmodar Stord kommune om få fortgang i planane om å bygge nytt kaianlegg sør på Eldøyane.

– Det er av stor betydning for NorSea Stordbase at det vert bygd ny kai på Eldøyane med større djupne enn det ein har i dag så snart det er mogleg.

Det kriv dagleg leiar i Stordbase, Rune Almås i ein epost til Stord kommune.

Han viser til at verksemda ofte må seie nei til kaianløp av båtar som er så store at dei vegrar seg mot å leggje til land på Eldøyane.

– Dagens skip vert stadig større, og treng meir djupne enn tidlegare, så me opplever stadig oftare å måtte sei nei til anlaup, eller opplever at skip ikkje vil legge til kai då dei er redde for at det er for lite djupne ved kai 2 på Eldøyane.

Har meldt om mange anlaup

Han viser blant anna til at skipet Ocean Installar, som har heimebase på Stordbase, er tildelt kontrakt på Balder X, og har varsla over 50 anløp på Eldøyane fordelt på 2020 og 2021.

- Annonse -

Det same gjeld skipet North Sea Giant, som er verdas største subsea-fartøy.

– TechnipFMC som er tildelt kontrakten for Duva og Nova, Neptun, vegrar seg for å gå til kai hos oss med North Sea Giant, skriv Almås.

Som kjent er også Kværner i full gang med ei omfattande kaiutviding på deira område lenger nord på Eldøyane. Almås skriv at dei under byggeperioden må ta godset inn på kommunen sine kaiar i byggeperioden.

North Sea Giant er eitt av skipa som har problem med å leggje til land på Eldøyane. Foto: Wärtsilä

– Når kaien er ferdig vil Castberg ta opp kaiplassen der slik at dei fortsatt vil bruke kaiane på Eldøyane for å få inn gods.

– Det er viktig at kaiutbygginga kjem i gang så for som mogeleg slik at ein og får utnytte mulighetene for inntjening på dei prosjekta som er i kjømda no.

– Ligg inne i budsjettet

Hamnesjef i Stord kommune, Inge Espenes, seier at det ligg inne midlar i økonomiplanen om å utvide den kommunale kaien.

– Me har lagt inn 25 millionar i budsjettet for neste år, og 25 millonar for året etter. Så det er konkrete planar om dette, men me må også ha ei politisk sak om dette i tillegg.

Espenes seier behovet for auka kaikapasitet har vore gjeldande i fleire år.

– Dette har vore diskutert i fleire år. Det er fleire på Eldøyane som har lyst på meir kaiareal.

Vil ta lengre tid

Hamnesjefen meiner likevel det vil bli vanskeleg å få på plass ein større kai på så kort tidshorisont som Stordbase etterlyser.

– At kaien blir klar allereie til våren er jo eigentleg vanskeleg å få til. Men målet er at dette skal gjerast.

– Det vil vel også bety auka inntekter for kommunen?

– Jo, me er nesten avhengig av inntekter frå anlaupa for å få finansiert dette. Det vil forhåpentlegvis bli fleire anlaup når ein får ein djupare kai. Me vil mellom anna få større supply-farty. I dag er det akkurat i grenseland for ein del båtar.

- Annonse -