Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Saman med Odda er Stord den einaste kommunen i regionen der kvar innbyggjarar har ein snittformue på under ein halv million kroner.

Det er store forskjellar på kommunane i regionen når det gjeld rike innbyggjarar. Då skattelistene kom i førre veke kan ein sjå korleis kvar innbyggjarane i kvar enkelt kommune kjem ut når det gjeld formue.

Stordabuen har 493.000 kroner i formue i snitt. Det er det lågaste snittet blant alle kommunane mellom Bergen og Stavanger. Berre i Odda har innbyggjarane så vidt lågare formue enn på Stord.

Samtidig utmerkar Fitjar seg i motsett retning. Fitjarbuen har ca. 747.000 kroner i formue i snitt.

Kanskje ikkje overraskande, med tanke på at Fitjar er heimkommune til to av dei aller rikaste på øya: Svein Sandvik og Geir Agasøster.

Men ein ferjetur nordover og austover finn me dei verkeleg store formuane. På Austevoll har kvar skatteytar ein snittformue på heile 1,7 millionar kroner. Det er nest høgast i landet. På Tysnes snittformuen 1,1 millionar kroner, mykje takka vere gigantformuen til Gerhard Alsaker på godt over éin milliard kroner.

- Annonse -

Ellers i Sunnhordland ser formuetala slik ut. Bømlo: 625.000, Sveio: 557.000, Kvinnherad: 580.000.

- Annonse -