Kari Lønning Aarø framførte høvelege dikt til opninga. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Kari Lønning Aarø og Jarle Langeland sørgde for ei stemningsfull opning av festivalutstillinga til Grethe Angen frå Stord, og me kan slå fast at det er mykje fint å sjå i Galleri Losjen under Fitjarfestivalen i år.

Av: Kjetil Rydland og Ingrid Hovstad

Mykje flott kunst har vorte stilt ut under Fitjarfestivalen dei siste åra, og i år er ikkje noko unnatak. Utan å dra fram dei mest djuptgåande analysane kan me slå fast at stordabuen Grethe Angen har mykje fint å visa fram, til glede for dei fleste av oss.

Til Fitjar har festivalkunstnaren teke med seg eit variert utval av teikningar og måleri. Ho fortel at ho har teikna heile livet, og måla i snart 20 år. Men festivalutstillinga på Fitjar er den eigentlege debututstillinga hennar.

Grethe Angen fortel at ho likevel har selt ein del kunst allereie. Spesielt etter at ho stilte ut under Parallax Art Fair i London for to år sidan. Der var ho «independent artist» blant 300 andre kunstnarar, og knytte mange kontaktar som har vore nyttige i ettertid.

Kultursjef Bente Bjelland stod for dagens opning i Galleri Losjen. Ho hadde fått tak i Jarle Langeland til å syngja til eige akkompagnement og Kari Lønning Aarø til å lesa dikt. Dikt av blant andre Hans Børli, Einar Skjæraasen og vår eigen Oskar Stein Bjørlykke var med på å setja det noko tynne utstillingspublikummet på rundt 30 i den rette stemninga.

Mykje for borna

- Annonse -
- Annonse -

Fitjarfestivalen hadde i år mange populære tilbod for dei aller minste. Det aller mest populære var nok sjørøvarshowet til Åge Stokken, Ståle Eskeland og Torill Berger.

Åge Stokken, Ståle Eskeland og Torill Berger leverte eit morosamt og spennande show. Foto: Ingrid Hovstad

Dei minste følgte engasjert med i jakta på skattekista. Etter store diskusjonar mellom piratane om kven som skulle lesa kartet fann dei til slutt kista. Ei magisk kiste der ein kunne ynskja seg kva ein ville. Dei prøvde å ynskja seg gullhjelmen, men ein skrivefeil gjorde at det vart ein gul hjelm på dei. Til mykje lått frå ungane.

Ivo tek traktorlappen med litt hjelp av pappa Per Egil. Foto: Ingrid Hovstad

Øvreygda 4H var på plass med aktivitetar til dei minste. Her kunne ein få seg traktorlappen ved å gjennomføra ei løype på trøtraktor. Rett ved sida av hadde Bondelaget kalvar, geiter og kyllingar ein kunne sjå på.

- Annonse -

I Fitjartun kunne ein sjå på flotte måleri av barneskuleelevar, og Ung RS var plass med Eliasbåten

I bodgata var det ansiktsmåling. Flinke ungdommar satt å måla ansikt heile dagen, og mange flott sommarfuglar, spiderman og monster gjekk rundt på festivalen.

Jensen og Klabbetryne. Foto: Ingrid Hovstad

Populær konsert

For dei litt eldre var det Bjørn Jensen og Klabbetryne som var kveldens underhaldning. Eit nesten fullstappa festivaltelt fekk ein morosam kveld. Ja, ein kunne faktisk høyra latteren frå teltet på lang avstand.

Jensen og Klabbetryne fortalde morosame historier, og song diverse frå både Ausekarane og Vinskvetten sitt repetoar. Blant anna «Ronny Bruvik» såg ut til å slå godt ann hos publikum, og fleire song med der dei kunne.

Etter Bjørn Jensen og Klabbetryne var det mogleg for dei som ville å fortsetja festen på Fitjar Fjordhotell. Her leverte Tom Wagtskjold underhaldninga.

 

- Annonse -