Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann frå Stord i slutten av 20-åra vert varetektsfengsla i nye to veker for innbrot i Stord ungdomsskule og ei rekkje privatbustadar i Leirvik i midten av januar.

Natt til 13. januar vart det begått innbrot i fem privatbustadar i Leirvik-området, i tillegg til eit innbrot på Stord ungdomsskule.

Politiet fekk rakst eit gjennombrot i saka, og arresterte to personar knytt til innbrotet, mellom anna ein mann frå Stord i slutten av 20-åra.

Stordabuen blei sikta for ein straffbar handling som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månadar, noko som gjer at politiet har høve til varetektsfengsling.

Haugaland tingrett har i ein ny kjennelse bestemt å forlenge varetektsfengslinga i nye to veker, fram til 26. mars.

– Retten har ved denne vurderinga lagt vekt på den sterke gjentakingsfaren, samt at sikta risikerer fengselsstraff av ikkje ubetydeleg lengde dersom han vert domfelt i tråd med siktinga.

- Annonse -
- Annonse -

Retten har tidlegare lagt vekt på at mannen har blitt domfelt åtte gonger tidlegare for liknande lovbrot som det han no er sikta for. Den siste domen kom så seint som i august 2017, då han vart dømt til åtte månaders fengsel utan vilkår.

- Annonse -

Han er no mistenkt for 11 nye forhold som skal ha skjedd i ein periode på tre veker.

– Slik retten ser det, er sikta inne i ein aktiv periode både når det gjeld rusbruk og vinningskriminalitet. Terskelen hans for å bgå nye vinningslovbrot framstår låg, og retten finn at det føreligg sterk grad av sannsyn for at sikta vil gjere nye straffbare handlingar av same karakter dersom han vert lausleten, skreiv retten i januar.

Stordabuen har samtykka til vidare varetektsfengsling.

– Han har akseptert vilkåra for vidare fengsling, seier forsvararen hans Jørgen Riple.

Påtalemakta opplyser at etterforskinga i saka nærmar seg ei ferdigstilling, og at hovudforhandlinga vil gå for retten 26. mars.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -