Foto: Norsk Tipping
- Annonse -

Kvinna vart kveldens Extra-kandidat under trekninga tysdag.

Tysdag kveld vart ei kvinne frå Stord 323.910 kroner rikare. Det melder Norsk Tipping frå Hamar.

Stord-kvinna kunne eigentleg ha vunne toppremien på to millionar, men slik gjekk det ikkje.

– Ho kunne klatre heilt til topps og to millionar i premie, men ingen tall gjekk inn, så då enda premien på inngangssummen på 323.910 kroner.

– Uansett finn ein ikkje slike summar på gata. Vi håper det vert ein Extra fin jul på Stord, skriv Norsk Tipping på sin nettstad.

Dei har ikkje lukkast med å kome i kontakt med den heldige vinnaren.

- Annonse -