Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen i 40-åra er tiltalt for svært mange tjuveri i Leirvik sentrum det siste halve året.

Dei første tjuveria gjekk føre seg i slutten av juli i fjor på Amfi-senteret.

På ein og same dag stal han produkt på Apotek1 for 850 kroner, ein pakke proteinpulver frå Sunkost og eit headset frå butikken Mekk, samt andre småting.

Få dagar seinare etter var han i gang igjen. Då klarte han å stele to sekspakningar med øl frå Extra-butikken på Heiane Storsenter.

Så gjekk det endå nokre dagar, før han borttok ei jakke på klesbutikken Boys of Europe til ein verdi av 2000 kroner.

- Annonse -

Det neste tjuveriraidet skjedde ein dag i slutten av januar i år. Denne dagen stal han ei veske med kort og kontatar frå ei kvinne på Leirvik legekontor. Han stal også ei veske frå butikken Fem Høns, som hadde ei verdi på 1400 kroner. I tillegg til øl og cider frå Extra-butikken på Amfi-senteret.

- Annonse -
- Annonse -

Statsadvokaten har også tiltalt mannen for ulovleg oppbevaring av kniv på offentleg stad og for å ha oppbevart mindre mengder narkatika.

Stordabuen må møte i Sunnhordland tingrett i slutten av april.

- Annonse -