Trugslane skjedde på MARIS-senteret i Borggata. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i slutten av 30-åra kom med fleire drapstrugslar mot ein tilsett i samband med utdeling av LAR-medisin.

Ved to forskjellige høve på forsommaren, i samband med utdeling av LAR-medisin på MARIS-senteret i Leirvik sentrum, skal stordabuen ha kome med grove trugslar mot ein tilsett.

Den eine dagen uttalte han at han skulle «knyse trynet» på den tilsette. Ei veke seinare dukka han på ny opp og uttalte at dersom han fekk tak i den same tilsette skulle han «ta han med ut i skogen og drepe han langsomt».

Stordabuen er også tiltalt for å ha kome med tilsvarande svært grove drapstrugslar mot ei kvinne.

Politiadvokaten skriv at trugslane var eigna til å framkalle alvorleg frykt hos dei som vart truga.

- Annonse -

Mannen er i tillegg sett under tiltale for oppbevaring av ein kniv i Leirvik sentrum ved to forskjellige tilfelle i løpet av året.

- Annonse -
- Annonse -

Han er også tiltalt for oppbevaring av ca. 150 gram hasj, samt rivotril-tablettar.

Trugslane isolert sett har ein strafferamme på fengsel inntil eitt år.

- Annonse -