Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 49 år gammal mann frå Stord slepp fengsel etter å ha kjøpt 100 Rivotril-tablettar og for å ha køyra i ruspåverka tilstand.

I februar i år gjennomførte politiet eit spaningsoppdrag utanfor ein adressa til ein kjenning av politiet på Stord.

Her kom 49-åringen køyrande, og kjenningen av politiet satt seg inn i bilen. Dei forsto at dei blei spana på og køyrte vekk før politiet stansa dei. 49-åringen erkjente då at han hadde kjøpt 100 rivotril-tablettar for 1000 kroner.

Vart stansa på butikken

Nokre veker seinare var stordabuen på handletur på ein Rema 1000-butikk på Stord saman med familien. Då kom tre politibetjentar tilfeldigvis ut av butikken, og oppdaga bilen til tiltalte og fatta raskt mistanke om ruskøyring.

Dei tok kontakt med tiltalte som hadde raudsprengte auge. Ein teikn- og symptomtest stadfesta mistanka om ruskøyring. Han blei då teken med til legevakta, der det blei påvist stoffet rivoltrin i blodet, i ein konsentrasjon tilsvarande promille høgare enn 1,2.

49-åringen meiner han bør bli frifunne for dette, då han hevda at ein lege i utlandet hadde gitt han rivoltrin-medisinen mot ryggsmerter. Han hevda han berre hadde teke to rivoltrin-tablettar 1-2 gonger i månaden.

- Annonse -
- Annonse -

Men retten hadde kalt inn overlege Jan Toralf Fosen ved Universitetssykehuset i Oslo som vitne for å kaste lys på rusinntaket. Han var ikkje i tvil om at for å oppnå konsentrasjonen som tiltalte hadde i blodet måtte han innta langt meir enn det tiltalte forklarte.

- Annonse -

Retten var delt om straffa

Retten skriv at ruskøyring over 1,2 i promille som regel skal idømmast fengsel utan vilkår. Men Sunnhordland tingrett var delt i spørsmålet om straffutmålinga.

Mindretalet beståande av ein dommarfullmektig meinte at fengselsstraff ikkje kunne fråvikast, og ville dømme mannen til fengsel i 36 dagar. Men dei to andre dommarane meiner det er tungtvegande grunnar til at mannen skal sleppe å sone.

Dei viser til at han er forsørger for eit ungt barn, og at han har vore i ein svært fortvila situasjon grunna smertene han har hatt.

Sunnhordland tingrett kom dermed fram til å dømme mannen til ein bot på 10.000 kroner, og 24 dagars fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år.

49-åringen blir også frådømt retten til å føre motorvogn for ein periode på to år. Han må også betale 2000 kroner i sakskostnadar.

- Annonse -