Illustrasjonsfoto: KS
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Førte ikkje opp at han hadde løna arbeid medan ha mottok dagpengar.

Ein 38 år gammal mann frå Stord er tiltalt for å ha gitt feilaktige opplysningar til offentleg mynde og for å ha brukt desse opplysningane til å skaffe seg uberettiga vinning.

Bakgrunnen er at han i perioden fr 1. april til 31. juli 2016 innleverte meldekort der han førte opp at han ikkje hadde utført løna arbeid.

Trass i dette hadde han i denne perioden jobba 590,5 timar i eit selskap som han sjølv var innehavar av.

- Annonse -

I følgje statsadvokaten i Rogaland har han dermed fått utbetalt 78.880 kroner urettmessig frå NAV.

Stordabuen må møte i Sunnhordland tingrett for trygdesvindelen i starten av juni.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -