Illustrasjonsfoto: UP
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 44 år gammal motorsyklist frå Stord må møte i retten for køyring over fartsgrensa og manglande stans for kontroll.

Ein fredags føremiddag i mai i fjor var kontroll på E39 ved Fjon i Sveio.

Då raste 44-åringen forbi i 132 kilometer i timen på motorsykkel. Det var 80-sone på strekninga.

Sjølv om politiet gav teikn til han om å stanse så stakk han frå kontrollen.

Episoden har ført til at politiadvokaten har teke ut tiltale mot han på ulike punkt. For å ha køyrt over fartsgrensa, for å stikke av frå kontroll og køyring utan å vere tilstrekkeleg omsynsfull.

- Annonse -

Sistnemnde på bakgrunn av at han gjennomførte fleire forbikøyringar i høg hastigheit.

- Annonse -
- Annonse -

Politiadvokten skriv at påstand om tap av førarhett vil bli nedlagt i rettssaka i Sunnhordland tingrett.

- Annonse -