Foto: Midtsiden
- Annonse -

Ein mann i 50-åra blei søndag kveld arrestert etter melding om vald mot kona si.

Det var i 19-tida søndag at politiet rykka ut til ein adresse på Stord, etter melding om husbråk.

– Det har vore ein godt vaksen mann som har utøvd vald mot ektefella si. Han blei arrestert rett etter klokka 19 i går kveld, på grunnlag av vald i nære relasjonar, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Håkon Tornes.

Stordabuen i 50-åra kjem til å bli avhøyrt i dag. Det var Sunnhordland som først melde om saka.

– Han sit no i varetekt i politihuset i Haugesund og skal avhøyrast i løpet av føremiddagen.

– Korleis fekk politiet kjennskap til valdsepisoden?

- Annonse -

– Me går ikkje ut med noko meir detaljar førebels, for dei driv framleis å etterforskar saka, seier Tornes.

Vaktsjefen opplyser at dei involverte er norske statsborgarar, og at mannen skal vere ein kjenning av politiet.

Tornes kan ikkje gi opplysningar om skadene til fornærma.

– Det føreligg ingen opplysningar om skader som er kjent for meg.