På denne utestaden i Haugesund klarte stordabuen å overnatte i oktober i fjor. Foto: Byscenen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen i slutten av 30-åra klarte å lure seg til å overnatte på utestaden Vinkjellaren i Haugesund i fjor haust.

Det var i slutten av oktober i fjor at dagleg leiar ved utestaden «Vinkjelleren», tilhøyrande Byscenen AS i Haugesund, fekk seg ei overrasking då han kom på jobb.

Her fann han stordabuen liggande å sove. Han hadde altså klart å tilbringe heile natta på utestaden.

Då politiet kom til staden fann dei 2,5 gram amfetamin og mindre mengder marihuana på mannen.

Stal og brukte narkotika på Narvesen

Hendinga er berre eitt av fleire forhold som mannen er tiltalt for frå det siste halve året.

Også på Narvesen i Borggata i Leirvik sentrum skapte han ein ubehageleg situasjon, så seint som onsdag kveld, 13. februar i år. Han brukte då openlyst narkotika inne i kiosken framfor kundar og tilsette. For dette er han tiltalt for å ha forulempa eller voldt fare for andre.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I tillegg klarte han å stele ein pakke Marlboro-sigaretter frå eit lukka skap i Narvesen-kiosken. Då politiet kom til staden fann dei at han oppbevarte både hasj og amfetamin.

Oppbevarte kniv

I midten av november i fjor forstyrra han tilsette og kundar på butikken Matkroken på Bytunet i Leirvik, ved å kome med høglydte utsegn, og nekta å forlate staden etter oppmoding frå dei tilsette.

Ein kveld like før jul i fjor blei han teken med for oppbevaring av kniv på offentleg stad i Osen i Leirvik sentrum. Same kveld hadde han stelt ein marsipangris og kransekatebeter frå Matkroken.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -