Gulating lagmannsrett. Foto: Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fleirtalet av dommarnae i Sunnhordland tingrett ville la 49-åringen sleppe fengselsstraff fordi han var i ein svært fortvila situasjon. Men no må han likevel i fengsel etter at statsadvokaten anka saka.

I februar i fjor gjennomførte politiet eit spaningsoppdrag utanfor ein adressa til ein kjenning av politiet på Stord.

Her kom 49-åringen køyrande, og kjenningen av politiet sette seg inn i bilen. Dei forsto at dei blei spana på og køyrte vekk før politiet stansa dei. 49-åringen erkjente då at han hadde kjøpt 100 rivotril-tablettar kroner.

Promille på 1,2

Nokre veker seinare var stordabuen på handletur på ein Rema 1000-butikk på Stord saman med familien. Då kom tre politibetjentar tilfeldigvis ut av butikken, og oppdaga bilen til tiltalte og fatta raskt mistanke om ruskøyring.

Han blei då teken med til legevakta, der det blei påvist stoffet rivoltrin i blodet, i ein konsentrasjon tilsvarande promille høgare enn 1,2.

saka gjekk for Sunnhordland tingrett var dommarane delt i spørsmålet om straffutmålinga. Mindretalet beståande av ein dommarfullmektig meinte at fengselsstraff ikkje kunne fråvikast, og ville dømme mannen til fengsel i 36 dagar. Men dei to meddommarane meinte det var tungtvegande grunnar til at mannen skal sleppe å sone.

Fekk medhald i anken

- Annonse -
- Annonse -

Statsadvokaten var ikkje tilfreds med at stordabuen skulle sleppe å fengselsstraff, og anka saka til Gulating lagmannsrett.

Her fekk påtalemakta medhald.

- Annonse -

– Lagmannsretten er samd i at utgangspunktet for fengselsstraff ikkje kan fråvikast. Det føreligg ikkje spesielle eller tungvegande grunnar for at domfelte skal sleppe å sone, heiter det i den ferske dommen.

Det vert vist til at ruskøyringa hadde eit stort farepotensiale.

– Ved ei ruspåverknad på over 1,2 i promille føreligg det stort generelt farepotensiale. Køyringa fann stad på offentlege vegar og med passasjer i bilen, herunder domfelte sitt mindreårige barn.

Meiner kona kan ta seg av barna

Forsvararen til stordabuen peika på at stordabuen sin familiesituasjon, med forsørgeransvar for to små barn, burde vere eit argument for å sleppe å sone. Det synet deler ikkje retten.

– Samla sett er ikkje dette forhold som kan føre til fråvike fengselsstraff. Det er ingen opplysningar i saka som tilseier at domfelte sin ektefelle ikkje vil kunne ta seg av barna dersom domfelte skal sone ein kortvarig fengselsstraff.

Stordabuen må dermed sone 36 dagar i fengsel. Han blir også dømt til å betale 20.000 kroner i bot. Det er dobbelt så mykje som i dommen frå Sunnhordland tingrett.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -