Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Må sone etter svært utagerande åtferd mot politiet.

I april i fjor gjorde stordabuen i slutten av 30-åra eit utfall mot ein politibetent i samband med framstilling på legevakta, slik at andre måtte bistå med å få kontroll på han.

Under transport til politiarresten i Haugesund forsøkte beit han den same politimannen i skuldera, som forklarte i retten at han kjende tennene igjennom kleda. Deretter tok han eit strupetak på politimannen.

Den neste tilfellet av politival skjedde i mars i år, då politiet fekk oppdraget med å hente han frå foreldra sin bustad. To politimenn ropte då på han fleire gonger og ba han kome ut til dei. Då sprang stordabuen mot dei i full fart og ropte «eg har kniv!».

Etter at han vart pågripen forsøkte han å spytte på ein av desse politibetjentane. I samband med at patruljen var innom lensmannskontoret for å byte bil, forsøkte han å sparke og nikke den same betjenten fleire gonger.

Også då blei han frakta til arresten i Haugesund. Den valdelige åtferda haldt fram på køyreturen. Han sparka fleire gonger mot dei to politimennene og traff ein av dei fire gonger i ryggen. Undervegs uttalte han mellom anna at han hadde svart belte i karate og «kan banke der kva tid eg ønskjer», «eg skal grisebanke dykk» og liknande.

- Annonse -

Han er også tiltalt for brot på besøksforbodet mot foreldra sine, samt oppbevaring av mindre mengde narkotika.

Alle forholda i tiltalen har skjedd då stordabuen var rusa.

Mannen er straffa ti gonger tidlegare, for det meste for narkotika- og vinningsforhold. Han er dømt for vald mot offentlege tenestemenn to gonger tidlegare.

- Annonse -