Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 23 år gammal mann frå Stord må sone 18 dagar i fengsel etter å ha gjort fysisk motstand mot politiet då dei skulle arrestere han.

Det var i på laurdagsnatta i juni 2017 at stordabuen gjorde aktiv og fysisk motstand mot politiet etter bråk på byen.

23-åringen hadde vore på utestaden «Samson på kaien» i Leirvik sentrum, der han hadde drukke så mykje alkohol at han ikkje hugsa noko etter stengetid. Han kom då i kontakt med politiet, som la merke til at han hadde store pupillar og ville gjennomføre «teikn og symptom-test» på han, for å sjekke om han var påverka av narkotika.

Då viste stordabuen fram to metalljern/slosthanskar, også kalt knokejern, som han hadde på seg. Slike slosthandskar er ulovlege. Han blei så bortvist av politiet, men nekta å forlate staden. Det førte til at politiet arresterte han, tok på han handjern og tok han med til patruljebilen.

23-åringen stritta i mot, både ved å gå i mot med beina og vri på overkroppen. Han blei så lagt i bakken av politiet, og haldt fram med å sparke mot politiet. Eit av sparka trefte ein politibetjent i kneet.

- Annonse -

– Valden som blei brukt var ikkje alvorleg, og politibetjenten kjende ingen smerter i knehasen etter hendinga. Det er likevel viktig å verna politiet i arbeidet, og i dette tilfelle var det vanskeleg for betjentane mellom anna fordi venene til tiltalte blanda seg opp i politiarbeidet, skriv Sunnhordland tingrett.

- Annonse -
- Annonse -

Retten meiner det er formildande at tiltalte har vedgått tiltalepunkta, sjølv om han ikkje hugsar noko av det som skjedde. Det er også formildande at saka er blitt gammal, noko retten meiner er belastande for tiltalte.

Sunnhordland tingrett kom til slutt fram til å dømme mannen til 18 dagar fengsel utan vilkår, og inndraging av to slosthandskar. Han må også betale sakskostnadar på 2.500 kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -