Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen hamna i grøfta i Eldøyvegen i 2.30-tida natt til søndag.

– Me fekk beskjed om at ein bil hadde køyrt i grøfta i Eldøyvegen. Det var då ingen personar i bilen då politiet kom til staden, opplyser oppdragsleiar Sølvi Ravndal i Sørvest politidistrikt.

Men føraren, ein stordabu i slutten av 40-åra, hadde ikkje kome langt av stad.

– Politiet møtte ein person på vegen i nærleiken. Han hadde begynt å gå vekk frå staden.

Det vart fort fatta mistanke om promillekøyring, og politiet tok han med til legevakta for blodprøve. Førarkortet hans blei beslaglagt på staden.

– Var han den einaste i bilen?

- Annonse -
- Annonse -

– Det er iallfall berre han som vart teken. Om det var fleire bilen vil etterforskinga avdekke, men det var ingen fleire som blei pågripen eller snakka med, seier oppdragsleiaren.

- Annonse -

Politiet fekk tips om ulukka frå ein forbipasserande som såg hendinga på avstand.

– Bilen blei henta av bilberging og frakta til bustaden til bileigaren. Så mest sannsynleg har dette vore udramatisk, seier Ravndal.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -