Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein mann i midten av 40-åra blei fengsla etter trugslar og ruteknusing hos ein nabo.

Det var i 19-tida at politiet rykka ut til ein adresse på Litlabø på Stord, der ein mann skal ha truga ein nabo.

– Han er politimeldt for trugslar og for å ha forårsaka eit knust vindauge hos den andre parten, fortel vaktleiar Odd Helge Åkseth ved Haugesund politistasjon.

Då politiet fekk hand om stordabuen var han lite samarbeidsvillig.

– Han var ikkje like medgjerleg overfor politiet heller. Han var veldig kverrulerande og vanskeleg.

Politiet beslutta å varetektsfengsla mannen.

- Annonse -

– Han blir nok avhøyrt i løpet av dagen, og så er det opp til juristen å avgjera kva som skjer etterpå, seier Åkseth.