Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein 20 år gammal mann frå Stord er tiltalt for å ha seksuell omgang med ei mindreårig jente og for å ha spreidd overgrepsmateriale.

Det var våren 2019 at mannen ved fleire høve hadde sex med jenta, som då akkurat hadde fylt 15 år. Dette skal ha skjedd i mannen sin bustad på Stord.

Ved eitt høve skal han også ha filma seg sjølv og jenta då dei hadde samleie.

Nokre dagar seinare sendte han i følgje tiltalen desse videoklippa frå sin mobiltelefon til jenta sin mobiltelefon.

Statsadvokaten har dermed teke ut tiltale mot mannen på to punkt. Først for å ha hatt seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Vidare er han tiltalt for å ha produsert framstilling av seksuelle overgrep mot barn, og for å ha spreidt dette materialet vidare.

- Annonse -