Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 36 år gammal mann frå Stord er dømt til 120 dagar fengsel på vilkår, etter grov skatteunndragelse. 

Stordabuen dreiv eit vaktselskap som gjekk konkurs i 2013. I løpet av dei fire åra selskapet eksisterte unnlot han å betale meirverdiavgift i ein periode. I tillegg lot han vere å levere sjølvmelding for inntektsåra 2010 og 2011, sjølv om han tok ut utbytte på nær 1,3 millionar kroner i denne perioden.

Dette førte til at han til saman unndrog ca. 560.000 kroner i skatt i løpet av desse åra.

Det var etter eit bokettersyn frå Skatt Vest i 2014 at skatteunndragelsen vart kjend. Han blei då politimeld og måtte betale ei bot på 20.000 roner. Denne veka måtte 36-åringen også møte i Sunnhordland tingrett, der han mellom anna var tiltalt for grov skatteunndragelse.

Vedgjekk straffskuld

Tiltalte forklarte i retten at han hadde rekneskapsførar den første tida han dreiv firmaet, men at han etter ei stund dreiv utan. Bakgrunnen var dårleg økonomi i selskapet. 36-åringen driv no vidare i same bransje i eit nytt aksjeselskap. Også i 2016 kravde Skatt Vest at han skulle slå seg personleg konkurs, men han gjorde då opp gjelda.

Stordabuen vedgjekk straffskuld for alle tiltalepunkta.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er prova ut over rimeleg tvil at handlingane blei gjort forsettleg, sjølv om han ikkje hadde hatt full oversikt over dei sommane som er nemnt i tiltalen, skriv Sunnhordland tingrett i dommen.

Retten er ikkje tvil om at forholda har ført til tap for det offentlege, og at dette er alvorlege straffbare forhold som i utgangspunktet skal straffast med fengsel.

- Annonse -

Slepp å sone grunna lang liggetid

Men det har teke svært lang tid før saka kom opp i retten. Saka har blitt liggande hos politiet lenge, heilt frå 36-åringen vart politimeld i 2015. Det kjem tiltalte til gode.

– Saka har blitt liggande hos politiet, og sakshandsaminga er i strid med Den europeiske menneskerettsdomstol.

I tillegg meiner retten at det er formildande at 36-åringen har vedgått alle forholda i tiltalen.

Retten kom dermed fram til at straffa blir sett til fengsel i 120 dagar, der soninga blir utsett med ei prøvetid på to år. Det betyr at han slepp å sone dersom han held seg innanfor lovverket dei neste to åra.

Han blir også dømt til å betale erstatninga til staten ved Skatt Vest på totalt 326.448 kroner.

- Annonse -