Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein 33 år gammal mann frå Stord må gjennomføre 30 timar samfunnsstraff etter å ha køyrt 52 kilometer over fartsgrensa.

Det var midt på natta i september i haust at stordabuen køyrte i sørgåande retning ved Heiane.

Politiet målte farta hans til 132 km/t, altså 53 km/t meir enn den lovlege fartsgrensa på 80 km/t. Dermed måtte stordabuen møte i retten.

– Retten har funne det bevist at den sikta har gjort seg skuldig i det som er skildra i siktinga, og at han har handla aktlaust, skriv Sunnhordland tingrett.

Retten meiner ein passande straff for råkøyringa er 30 timars samfunnsstraff.

- Annonse -

Mannen vert også frådømt retten til å føre motorvogn i åtte månadar, og må ta delvis ny førarprøve for å få lappen tilbake.

- Annonse -
- Annonse -

33-åringen gav ei tilståing utan atterhald.

- Annonse -