- Annonse -
- Annonse -

Mediehusa Stord24 og Fitjarposten er i vekst, og treng fleire skriveføre som kan vere med å utvikle satsinga vår på lokaljournalistikk.

Stord24 er det raskast veksande mediehuset i Sunnhordland, og me har for tida rundt 50.000 sidevisningar i veka. Me har eit mål om å vere leiande på nyhendejournalistikk på Stord.

Etter at me tok over drifta av Fitjarposten ved årsskiftet, har me no musklar til å tilsetje fleire.

I første omgang søkjer me sommarvikar og frilansjournalist/tilkallingsvikar. Men på sikt er det gode moglegheiter for fast jobb hos oss, dersom du er den rette for oss.

Me ser etter deg som er skrivefør og interessert og nysgjerrig på kva som skjer i lokalsamfunnet rundt deg. Det er ein fordel med redaksjonell erfaring, men ingen krav. Det viktigaste er at du er positiv, omgjengeleg og sjølvstendig.

Du bør ha førarkort og disponere eigen bil.

- Annonse -

Hos oss vil då få eit inspirerande og positivt arbeidsmiljø, med varierte oppgåver der ingen dagar er like. Me held til i moderne og trivelege kontorlokale i Kunnskapshuset i Leirvik sentrum.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med redaktør Jonas Sætre på tlf. 47 65 25 27.

Søknad kan sendast til jonas@stord24.no.