Foto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -

Vil du vere med å formidle dei gode historiane frå Stord og Sunnhordland?

Stord24 er ein mediekanal i stadig vekst. No vil me styrke den redaksjonelle satsinga vår, og ser etter ein ny journalist i full stilling som kan vere med å skrive gode og relevante nyhendesaker og reportasjar for lesarane våre.

Det er ingen formelle utdanningskrav til stillinga, då personleg eigenheit vil bli sterkt vektlagt.

Me ser etter som kan uttrykke deg godt skriftleg og er glad i å formidle gode historiar. Du må kunne jobbe sjølvstendig, og ha stor arbeidskapasitet. Kvardagen hos oss kan vere hektisk, men det skal også vere rom for å tre til side ein periode og jobbe med eit større journalistisk prosjekt. Det er ein fordel at du har erfaring som journalist, men ingen krav.

Nynorsk er ein viktig del av identiteten til Stord-samfunnet. Difor er det eit krav at du kan kan formulere deg godt på nynorsk.

Noko kveldsarbeid og helgearbeid må påreknast.

- Annonse -
- Annonse -

Me ser etter ein journalist som kan starte hos oss frå og med 1. mai.

Om oss

Stord24 er ein digital mediekanal som kjem ut på Stord. Nettavisa vart starta våren 2017, og har i løpet av dei siste to åra teke ein tydeleg posisjon som ein tydeleg nyhendeformidlar på Stord og i Sunnhordland.

Stord24 skal vere først ute med dei viktigaste nyhenda, med eit særleg fokus på næringsliv og politikk. Primærdekningsområdet vårt er Stord og Fitjar, og sekundærdekningsområdet vårt er heile Sunnhordlandsregionen.

Me held til moderne og trivelege lokaler i Kunnskapshuset, Sæ 134, 5417 Stord.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med redaktør Jonas Sætre på telefon 47 65 25 27.

Søknad kan sendast til: jonas@stord24.no. Søknadsfrist er 1. april.

- Annonse -
- Annonse -