Mediehuset Stord24/Fitjarposten styrker laget, og består no av følgjande: Kjetil Rydland (journalist), Cassandra G. Jespersen (journalist), Jonas Sætre (redaktør og journalist), Mariell Hervik (marknadsansvarleg), Adrian Olsen (marknad og abonnement) og Ingrid Hovstad (journalist).
- Annonse -

Mediehuset Stord24/Fitjarposten består no av seks medarbeidarar.

Dei siste vekene har Stord24 tilsett tre nye medarbeidarar. Her kan du sjå kven som har blitt med på laget:

Cassandra Grundtvig Jespersen (30) er tilsett som ny journalist på fulltid. Ho er utdanna journalist frå Norges Kreative Fagskole i Bergen. Jespersen kjem opphaveleg frå Bergen, men har budd mange år på Stord. No bur ho på Husnes, og pendlar til sin nye jobb.

Mariell Stølås (29) er tilsett som marknadsansvarleg på fulltid. Ho har tidlegare jobba som butikksjef på Stord i fleire år, og får no det overordna ansvaret for å følgje opp annonsørane til Stord24 og Fitjarposten.

Adrian Olsen (29) vil også jobbe med marknad og sal, og har eit spesielt ansvar for å sørgje for fleire abonnentar til Stord24 og Fitjarposten. Adrian kjem frå Bodø og bur no på Stord. Han har erfaring innan sal, IKT og grafisk design.

Tek ein med journalistane våre i Fitjarposten, Ingrid Hovstad og Kjetil Rydland, og journalist og redaktør for dei to nettavisene, Jonas Sætre, består mediehuset Stord24/Fitjarposten no av seks medarbeidarar.

- Annonse -

– Det er utruleg kjekt at me no er i ein posisjon der me kan auke staben. Dette er takka vere alle dykk som abonnerer på oss, og alle som annonserer hos oss. Tusen takk til alle som støttar oss, seier Sætre i ein kommentar.

Både lesarane og annonsørane kjem til å merke at mediehuset er i vekst.

– Inntektene me får frå lesarane og annonsørane våre gir oss større ressursar. Det gjer at me no kan satse endå meir på journalistikken vår, og får større ressursar til å følgje opp annonsørane våre og abonnentane våre.

- Annonse -