Thor Henrik Hagen i oppstartsselskapet Hydrogen Solutions. Foto: Sustainable Energy katapultsenter
- Annonse -

DEBATT: Om eit halvt år vil det bli produsert rein hydrogen – det som gjerne blir kalla grøn hydrogen – på Stord.

Av: Thor Henrik Hagen,
Dagleg leiar HYDS AS

Kjetil Harestad,
Leiar forretningsutvikling i SKL AS

HYDS (Hydrogen Solutions) er eit lokaleigd selskap som har lokal og skalerbar produksjon av hydrogen som sin forretningsidé. Selskapet ser svært positivt på at både lokalpolitikarar – og nasjonale politikarar vil setja Stord på hydrogenkartet.

Men lat oss byggja på det miljøet som allereie er her, framfor å starta ein prosess som vert politisk og offentleg driven. Næringslivet har større innovasjonsevne – og vilje, og er meir resultatorientert.

Stord Hydrogen er eit døme på det.

- Annonse -

Her har lokale verksemder gått saman, og bygd på kvarandre sin kompetanse og evne til å gjennomføra utvikling og produksjon. Om eit halvt år vil det bli produsert rein hydrogen – det som gjerne blir kalla grøn hydrogen – på Stord.

Det er ikkje berre gode ord og lovnader, men konkret leveranse av eit produkt «alle» spør etter. Marknaden for hydrogen er framleis ung og umoden. Det politikarane bør vera opptekne av er å skapa rammevilkår for at den marknaden finns.

Nokre stikkord i den samanheng er skipsfart som kan bruka hydrogen som drivstoff. Snøggbåtar som går på hydrogen. Fyllestasjonar for desse fartøya – gjerne på Stord. Og sjølvsagt transport på land. Frå personbilar til dei tyngste trailerane. Her er det tunge kompetansemiljø lokalt. Maritime Cleantech, Sustainable Energy, Wärtsilä og HYDS for å nemna nokre. SKL – den regionale vasskraftprodusenten – har arbeidd med hydrogen sidan 2013, både til bruk i industrien og til samferdsle.

Kjetil Harestad. Foto: SKL

Me trur på ei utvikling som går i retning av eit reinare klima. Lågare utslepp og at ein til ei kvar tid skal velja den beste utsleppsfrie løysinga til føremålet, men også her trur me næringslivet veit best.

Hydrogen vil vera ein viktig faktor i den framtida me skal inn i. Då treng me politikarar som legg forholda til rette for næringsutvikling og industriutvikling ved å skapa ein markand som vil ta i bruk t.d. hydrogen. Slike politikarar vil me heia på. Verkemiddel me meiner kan bidra til å gjera utsleppsfrie teknologiar som grøn hydrogen konkurransedyktig med deira fossile konkurrentar.

Det er eksempelvis krav til 0-utslepp i offentlege anbud, auka CO2 avgift, investeringsstøtte i hydrogenverdikjeder, differansekontraktar og kontantstraumskatt på linje med olje, gass og vasskrafta. Eit alternativ er også å nytta staten sine økonomiske musklar gjennom investeringsselskapet Nysnø, som har til føremål å hjelpa til med forretningsidéar som fører til reduserte utslepp.

Med dei rette forutsetningane på plass til å gje oss eit lite dytt i rett retning, vil næringslivet finna vegen. Næringslivet og private interesser har vist seg å vera innovative og viljesterke til å utvikla dei produkta det er etterspurnad etter.  Me er allereie i gang her på Stord!

- Annonse -
Forrige artikkelSjefane i Leirvik AS har kjøpt opp bedrifta: – Dette er veldig gøy
Neste artikkel– Eg har eigentleg kvidd meg til å seia dette