Geir Angeltveit i Venstre vil ikkje leggje ned fritidsklubbane på Stord. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det tener ingen å byggja ned fritidsklubbane, seier Geir Angeltveit (V).

I går fekk representantar forn Harri-klubben og Litlabø fritidsklubb fortelle politikarane i næring- miljø- og kultur-komiteen kvifor dei meinte det var ein dårleg idé å leggje ned klubbane, slik rådmannen har føreslått i sitt framlegg til budsjett.

Dei får no støtte av Geir Angeltveit i Venstre.

– Står støtt

– Harri og Litlabø Fritidsklubb står støtt i vårt budsjettsforslag. Eg har vore innom fritidsklubben Litlabø ein del det siste året, og eg ser det flotta arbeidet og den kjekke aktiviteten som skjer der, og eg høyrar mykje skryt av Harri Fritidsklubb.

Angeltveit fortel at han sjølv sakna eit slikt tilbod då han var ungdom.

- Annonse -
- Annonse -

– Det tener ingen å byggja ned fritidsklubbane, ungdomen fortener å halde på det tilbodet. Eg forventar at me får med oss kommunestyret på å prioritere og vidareføre tilbodet.

- Annonse -

Mykje skal på plass

Venstre vil førebels ikkje seie noko meir om korleis deira budsjettframlegg blir, og varslar at dei vil leggje dette fram i neste veke.

– Det er mykje som skal på plass, men me er godt på veg. Det hadde vore enkelt om det var å prioritera mellom gode og dårlege tiltak, men her er det mykje godt opp mot godt.

Det er førebels ikkje kjend korleis dei andre partia vil stille seg til ei nedlegging av Harri og Litlabø fritidsklubbar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -