Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Eit biogassanlegg vil gjere Eldøyane til ein grøn spydspiss inn i det grøne skiftet, skriv Geir Angeltveit.

Av: Geir Angeltveit, Stord Venstre

Torsdag skal styret i Sunnhordland Naturgass velje lokalitet for biogassanlegget.

I mars løfta Venstre i Sunnhordland plassering av eit biogassanlegg på Eldøyane. Og fulgte opp Eldøyane som lokalitet i formannsskapet.

Dette er eit standpunkt me framleis står på.

- Annonse -

Stord er landets mest olje- og petroleumsavhengige kommune, og me er avhengige av å gje rom for nye grøne næringar og arbeidsplassar. Dette representert med mellom anna biogassbransjen.

- Annonse -
- Annonse -

Som saman med grøne oppdrag til industrien, montering av havvindmøller og anna aktivitet vil gjere Eldøyane til ein grøn spydspiss inn i det grøne skiftet.

Eit Biogass-anlegg vil ikkje vere eit støyande element, samstundes skal me også her ta bekymringar frå naboar på alvor, og jobba med støy- og forureiningsproblematikken som er på Eldøyane frå før av.

- Annonse -