Ordførar Gaute Epland (Ap) var til stades på konferansen i Oslo der prisen vart delt ut. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Kjekt å få ei slik gledeleg melding midt i eit krevjande budsjettframlegg, seier varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

Midt under framlegget til neste års budsjett fekk rådmann Magnus Mjør ei tekstmelding om at Stord er vinnaren av statens bustadsosiale pris for 2018:

 «Gratulerer med statens bustadsosiale pris. Vel fortent!»

At prisutdelinga kom midt under budsjettframlegget må seiast å vere smått ironisk. For satsinga til Stord kommune som har gjort at dei fekk prisen, er dyre tiltak. Tiltak som rådmannen no føreslår å kutte i.

– Kjekt å få ei gledeleg melding midt i eit slikt krevjande budsjettframlegg. Gratulerer til Stord kommune, sa varaordførar Jakob Bjelland (Sp) som leia kommunestyret.

Ordførar Gaute Epland (Ap) var sjølv til stades i Oslo under prisutdelinga, og har denne kommentaren til prisutdelinga:

- Annonse -
- Annonse -

– Dette er veldig stas! Kjekt å få denne anerkjenninga. Det inspirerer til vidare godt arbeid på dette område. Me er ein nøgd gjeng som no er på veg til Gardermoen, skriv Epland.

- Annonse -

Juryen skreiv at Stord kommune har sett i gang ei rekkje ulike tiltak som tydeleggjer roller og ansvarsfordeling knytt til bustadsosialt arbeid.

– Kommunen er god på å bruke startlån, særleg til barnefamiliar. Og det er bra, fordi familiane demred går direkte til å bli bustadeigarar, i staden for å leige kommunal bustad først, seier tidlegare partileiar i KrF, Valgjerd Svarstad Haugland, som delete ut prisen.

Ho peiker også på at Stord har jobba målretta med å tilpasse kommunale bustadar for rullestolbrukarar, og tilbyr helsehjelp og oppfølging til eldre rusavhengige på sjukeheimen.

Stord kommune får 100.000 kroner i prispremie.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -