Containaren står klar til avhenting ved Unitech på Eldøyane. Foto: SG Trans AS
- Annonse -

Unitech på Eldøyane har utvikla ein heilt ny type container som skal transportere levande sjømat. – Dette er nybrottsarbeid, seier prosjektleiaren. 

Saman med Tromsø-firmaet SG Trans har Unitech utvikla banebrytande containaren, som står klar til avreise frå Eldøyane på Stord.

– Målet er jo å frakte levande sjømat over heile jorda, frå kor som helst til kor som helst. Men i første omgang ser me på norsk sjømateksport, fortel prosjektleiar Gunnar Birkeland i Unitech på Stord.

Med den patenterte tanken kan levande fisk bli lagra i to veker utan at ein treng å skifte vatn.

Gunnar Birkeland er prosjektleiar for Unitech, og tok over jobben etter Liv Kari Eskeland. Foto: Uni research

– Dette er nybrottsarbeid. Me har investert ganske mykje i dette og kjem til å gjere mange forsøk, slår Birkeland fast.

Resirkulering

Førebels er det ein forsøkseining som står klar. Den skal nyttast til å gjere forsøk for å utvikle slike containerar for marknaden. Containeren består av ein tank, eit anlegg for resirkulering og eit anlegg for kjøling, slik ein finn på eit settefiskanlegg.

- Annonse -

– Me ser at det er naudsynt å få meir informasjon om korleis desse sjødyra oppfører seg i forskjellige temperaturar under transport.

Éin container rommar ein fisketank 24 kubikkmeter, og kan transportere tusenvis av fisk. Under eit forsøk i sommar transporterte Unitech 55.000 leppefisk i tanken, og då var den berre halvfull.

Unitech vil no forsøke å få støtte frå Innovasjon Norge for å utvikle containeren vidare. Birkeland seier det ikkje treng å bli lenge til at nyvinninga er klar for den kommersielle marknaden.

– Me håpar på kommersiell utvikling allereie ut på våren. Me kjem til å ta tida det trengs for at dette skal gjerast skikkeleg. Teknologien er på plass, og me vil bruke tida framover på å forstå metabolismen og stressfaktorane til sjødyra. Samtidig jobbar me med å få energiforbruket ned til eit minimum.

Oppteken av fiskevelferd

Prosjektleiaren fortel at Unitech-gründer Bernt Hellesøe er svært oppteken av fiskevelferd, og at dette er eit styrande prinsipp i utvikling av tanken.

– Me meiner det framleis er mykje å hente på betring av fiskevelferda, både når det gjeld laks og anna levande sjømat som blir transportert rundt i verda.

– Kva vil vere marknaden for ein slik tank?

– Me ser ikkje for oss at me skal inn og transportere levande laks. Det er spesielt innanfor skaldyr, reker og skjell der det er mykje å hente. Også torsk og andre arktiske artar. Det er ein del interessant levande transport av verda som me kan gjere betre.

I følgje Birkeland er det ikkje mange konkurrentar i verda for eit slikt produkt.

– Det finnest nokre konkurrerande løysingar, men ikkje noko som kana ta eit større volum og som kan kjøle det så mykje ned at dyret ikkje går i dvale. Målet vårt er optimal dyrevelferd og der er me i front.

Blir satsing på Rubbestadneset

Birkeland seier dette er eit typisk prosjekt som skal utviklast med på det nye forskingssenteret som Unitech skal byggje på Rubbestadneset.

– Me har ein rekkje utviklingsprosjekt innanfor oppdrett og levande sjømat. Dette er i samband med satsinga me gjer på Rubbestadneset. Det er denne typen prosjekt som skal realiserast i dette nye senteret.

Prosjektleiaren opplyser også at tysdag blir ein stor milestein for Unitech. Då vil den første salven gå av i tilknyting til anleggsarbeidet på Rubbestadneset.