Målungdommar frå Stord. Framme frå venstre: Svein Soldal Eggerud, Ingunn Vespestad Steinsvåg, Simen Rønnekleiv Eriksen, Erling Løklingholm Leivestad og Linn Merete Bod Nes.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I helga var seks ungdommar frå Stord på landsmøtet i Norsk Målungdom. Der kjempa dei for at studentsamskipnaden Saman må nytta nynorsk i avdelinga si på Stord.

Pressemelding frå Norsk Målungdom

Denne helga samla Norsk Målungdom seg til landsmøte på Ellingsrud skole i Oslo. Der møttest språkengasjert ungdom frå heile landet for å vedta ny politikk og diskutera kva Norsk Målungdom skal kjempa for i året som kjem. Stord-lokallaget Sumarøyo Målungdom vil at organisasjonen skal kjempa for meir nynorsk i Saman på Stord.

– Stord er den største nynorskbyen i landet, og da heng det ikkje på greip at nynorsk ikkje skal vera eit synleg språk for studentane, seier leiar i Sumarøyo Målungdom, Erling Løklingholm Leivestad (17).

Dei trekk fram at Saman nyttar nynorsk i avdelingane sine i Sogn og Fjordane, og ber om at høgskulen skal spegla språksituasjonen på staden.

- Annonse -

– Her kan studentsamskipnaden leia med eit godt døme, og vise fram at nynorsken høyrer heime overalt – også i høgare utdanning, seier Leivestad.

- Annonse -
- Annonse -

På møtet vart Leivestad òg vald inn i landsstyret i Norsk Målungdom. Stordabuane Svein Soldal Eggerud og Ingunn Vespestad Steinsvåg vart valde inn i sentralstyret.

Målungdommar frå Stord. Framme frå venstre: Svein Soldal Eggerud, Ingunn Vespestad Steinsvåg, Simen Rønnekleiv Eriksen, Erling Løklingholm Leivestad og Linn Merete Bod Nes.

- Annonse -