Sigbjørn Framnes. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

DEBATT: I fjor hadde Os overskot på 105,8 millionar utan eigedomsskatt, altså meir enn det dobbelte av det Stord har hatt samla på fire år. I neste periode skal me legge grunnlaget for å få til det same i Stord.

Av: Sigbjørn Framnes,
Ordførarkandidat, Stord FrP

Stord er ein kompakt kommune som skal vera enkel å drifte. Dette vert reflektert i at me ligg i same Kostra-gruppe som mellom anna Os kommune.

Os gjorde eit vegval i 1999. Dei stemte inn FrP og Terje Søviknes, for dei skulle ikkje ha eigedomsskatt! 20 år etter, med stabilt FrP-H fleirtal, har Os ikkje eigedomsskatt. Det dei har i 2018 er eit netto driftsoverskot på over 105,8 millionar.

Stord innførte eigedomsskatt i 2013. Til tross for dette er netto driftsresultat redusert til 2,04 millionar kroner i 2018. For å gjere ein reell samanlikning mellom Stord og Os må me difor trekke eigedomsskatten frå Stord sitt resultat. Det reelle driftsunderskotet blir då minus 37,96 millionar!

Me kan sjå på utviklinga for 2019 (budsjettert). Dei styrande auka eigedomsskatten med 25%, og tar no inn 50,3 millionar. Diverre fortset den negative trenden, og om lag heile auken i eigedomsskatten går til å drifte kommunen. Reellt driftsunderskot etter 4 månader og budsjettrevisjon er 47,47 millionar!

- Annonse -

Sjå grafen under for utviklinga i underliggande kommunal drift. Me ser alle at dette ikkje går i lengden!

Om me ser på perioden 2016-2019 har samla netto driftsresultat i Stord kommune vore 49,72 millionar med 171,14 mill i samla eigedomsskatt.

Samla resultat for Stord er altså minus 121,41 millionar om ein trekk frå eigedomsskatten. Koalisjona likar å skryte av at dei har hatt “100 millionar i overskot”. Då tar dei æra for overskotet i 2015 – noko Liv Kari burde få. Då sit dei igjen med ca 50 millionar. Kommunen har altså ikkje god drift, og av trenden kan me sjå at eigedomsskatten må aukast kvart år framover. Slik kan me ikkje ha det!

I fjor hadde Os overskot på 105,8 millionar utan eigedomsskatt, altså meir enn det dobbelte av det Stord har hatt samla på 4 år.

I neste periode skal me legge grunnlaget for å få til det same i Stord.

Det tyder hardt arbeid, tydelege krav, tydelege prioriteringar og godt samarbeid mellom politikarar, administrasjon og tilsette. Vil du ha dette må du stemme på meg og Stord FrP – ein slengar er ikkje nok. Godt val!

- Annonse -