Stord Taxi ønskjer å overta desse offentlege parkeringsplassane. Foto: Google Maps
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vil flytte taxihaldeplassen til Snøggbåtkaien.

I eit brev til ordførar og rådmann ber Kjell Larsen i Stord Taxi om at det vert gjennomført omrokkering av parkeringsplassar på kaien.

Larsen viser til at han var på synfaring med Mjør og Epland, og «i samband med dette ber eg om at det me då snakka om av løysing når det gjeld parkeringsplassar for Stord Taxi kan verta gjennomford så snart råd er».

Ønsket til Larsen er at Stord Taxi tek over dei sju parkeringsplassane ved snøggbåtkaien, i tillegg til dei tre parkeringsplassane dei disponerer i dag.

– Det er naudsynt at skiltinga om taxihaldeplass som no står utanfor Nattrutekaien 10 vert flytta til dette området kor 07000 Stord Taxi då vil få alle sine parkeringsplassar, skriv Larsen.

- Annonse -

Dei sju parkeringsplassane er i dag offentlege parkeringsplassar, der alle kan stå parkert gratis i inntil to timar.

- Annonse -
- Annonse -

I følgje Larsen vil det etter ei eventuell endring vere totalt sju offentlege parkeringsplassar lengre nord på Nattrutekaien.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -