Stord Sykleklubb har eit fåtal med jenter som medlem. Dette vil dei gjere noko med. Foto: Stord Sykleklubb.
- Annonse -

Klubben ynskjer å rekruttere fleire jenter til sykkelsporten.

I 2017 starta Norges Cykleforbund (NCF) med eit nytt prosjekt kalla «Jenter på Hjul». Målet er å doble talet på jenter i sykkelsporten frå 10.000 til 20.000 innan utgangen av 2020.

Stord Sykleklubb er ein av nitten klubbar i Noreg som har fått midlar til å delta på prosjektet. No ynskjer dei å få fleire jenter med på laget gjennom sosialt samvær og eigne jentetråkk.

– Det er ein start for å sjå kva me kan få til og korleis prosjektet kan utvikle seg. Me håpar jo at opplegget vil gi resultat og at me kan gjenta det, seier leiar for klubben, Remi André Sortland.

Klubben vil blant anna ha gruppesykling for jenter kvar onsdag klokka 17. Samtidig vil halvparten av midlane gå til ei open jentesamling til hausten for Stord og omland.

 

- Annonse -
- Annonse -

Låg terskel

Tal frå NCF viser at berre ein av fem syklistar på landsbasis var jenter i 2014. Stord Sykleklubb har i dag mellom sju til ti aktive jenter som er medlem. Berre éi av desse har planar om å satse.

Sortland sjølv trur mykje av årsaka ligg i at folk flest kjenner få som driv på med idretten.

– For mange jenter handlar det om å ha eit etablert miljø for å tørre og sykle saman med andre jenter. Sykling er som anna idrett. Det er kjekkast å gjere det i lag. Men for mange er det nok lettare å velje meir etablerte lagidrettar som handball og fotball.

Han håpar at dette kan bli eit lågterskeltilbod for jenter som har lyst å prøve seg.

– Målgruppa er unge og eldre jenter i alle aldrar. Me ynskjer å vekke interesse og er opptatt av lagfølelsen. Det skal vere gøy. Samtidig ser me ikkje vekk i frå at nokon kanskje vil satse på sykkelsporten i større grad, seier han.

 

- Annonse -

Eit skritt i riktig retning

Victoria Valen Hafsmo. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Victoria Valen Hafsmo (17) er ei av svært få aktive jenter i Stord SK. Ho har vore aktiv syklist sidan 2014, og har sidan delteke i program som Morgendagens Helter og NM.

– Eg blei bitt av basillen med ein gang. Følelsen du får før ein skal køyre løp og meistringsfølelsen undervegs. Det er noko med det, seier Hafsmo.

Ho er positiv til prosjektet som no har starta.

– Eg trur det er eit skritt i riktig retning og synest det er eit bra tiltak. Det er jo absolutt ein sport som jenter kan vere med på, sjølv om det gjerne ikkje blir framstilt slik i media eller får like mykje merksemd som sykling for menn, seier ho.

 

Får mindre pressedekning

Leiaren for klubben kan bekrefte at medieframstillinga ikkje alltid gir eit riktig bilete av sporten. Han meiner media har eit ansvar for god pressedekning også når det gjeld kvinnelege sykkelutøvarar.

– Menn tar store deler av sportssidene. Sjølv om me har ein del profilerte mannlege utøvarar i Noreg, så er det fleire dameutøvarar som gjer det betre og har eit breiare, større sykkelmiljø rundt seg. Men dei får gjerne mindre pressedekning. Derfor trur mange at sykkelmiljøet for jenter er mindre, seier Sortland.

Han ynskjer lokalmedia på Stord hjarteleg velkommen til samlingane utover hausten.

- Annonse -