Inger Christin Hystad Barane og Emil Kvebæk Øvretveit i Stord sosialistisk ungdom fortel om opplevinga med netthets. Foto: privat
- Annonse -

LESARBREV: Det er i hovudsak voksne som skriv desse kommentarane. Dei har jobb, partner eller er gift, og nokre har til og med barn. Dei er altså skremmande vanlege.

Av: Inger Christin Hystad Barane og Emil Kvebæk Øvretveit,
Stord sosialistisk ungdom

Hetsande kommentarar lot ikkje vente på seg etter at me i Stord SU engasjerte oss for klimasaka. «Tenn på driten», står det i kommentarfeltet. Det handlar om å setje fyr på ungdom, at dei vil sjå oss brenne. Er det slik unge som engasjerar seg skal bli møtt?

Den 27. April la me i Stord SU ut eit innlegg på Facebooksida vår. «100 store selskap – inkludert norske Equinor – står for 71% av verdas utslipp!», var overskrifta. Vidare forklart: Når nokre få, mektige, selskap står for så mykje av klimautsleppa, ligg det ikkje i vanlege folk si makt aleine å stoppe dei. Aksjonen var at ein dresskledd «kapitalist» helte «olje» over fire ungdommar frå lokallaget. Me ville skape debatt om kven og kva som har skulda for klimakrisa, og kor ansvaret ligg.

Gjennom eit oppslag hos Stord24 fekk me merksemd. Og når dei og Aktuelt Sunnhordland publiserte saka på Facebook-sidene sine, opna kommentarfelta seg. Her mangla det ikkje på misnøye.

Det var mykje av det vanlege grumset, som at me ville stoppe oljekrana over natta, eller at me var hyklerske fordi me brukte (mat)olje – eller til og med ei plastbøtte til aksjonen. Men det som skilte seg ut denne gongen var ikkje dumskap, men ondskap.

- Annonse -

Det er nok av folk som meina me er både sjuke, idiotar og klovnar, men i tillegg så var det folk som meinte det var «berre å setja fyr på» oss. Ein foreslo «kva med bensin?», og ein sa «håper verkeleg det er tungolje, skulle gjerne vært kokande også».

Etter eit forsøk på å regulere, sletta Stord24 innlegget sitt. Aktuelt Sunnhordland sitt ligg framleis ute.

Det er underleg kva som skjer hos folk når dei skriv slike kommentarar. Difor ringte ein av oss til forfattaren bak ein av kommentarane for å forstå betre. Med samtykke av den intervjua gjengir me delar av samtalen:

Eg spør om eg har nådd riktig person. Eg forklarar at eg ikkje er ute etter å ta han, men at målet er forståing for den andre sida av saka. Han forklarer kva han følte på, og at han var tydeleg frustrert over saka i eit større bilete.

– Kommentaren var ikkje meir enn rein frustrasjon, seier han.

Samtalen fortsetter, og eg spør:

– Då du skreiv dette, tenkte du på dei som sit på andre sida av skjermen?

– Nei, svarar han.

– Kva med etter at du hadde skrive det?

– Ikkje då heller.

Til siste spørsmål ønskte eg at han skulle reflektere litt over dette.

– Korleis trur du slike ytringar påverkar unge som ynskjer å engasjere seg i samfunnet?

– Det varierer. Eg, for eksempel, er jo ein som seier det eg meiner slik eg meiner det. Men for alle er det ikkje slik, og slikt bidrar garantert til at nokre vegrar seg, svarar han.

Fire engasjerte ungdommar neddynka i olje under Stord SU sin aksjon. Mange kom med nedsetjande kommentarar om ungdommane i ettertid. Foto: Stord SU

Med sin siste refleksjon treff han spikaren på hovudet. Ikkje berre har han sjølvinnsikt, men han skjønar også kva slike ytringar gjer. Netthets hever terskelen enormt for å ytre seg, spesielt for unge.

Det er trist at slik hets over nettet skal overskygge unges initiativ i samfunnsdebatten. Ved å stadig oftare bli møtt med vonde kommentarar og usaklig vrøvl, hevast ein allereie høg terskel for å engasjera seg. Hets og sjikane er eit demokratisk problem, og det rammar bredt.

I ein fersk undersøkelse for medietilsynet kjem det frem at heile 20 prosent av unge har opplevd former for sjikane på nettet. Av alle dei som har blitt hetsa i diskusjonar eller debattar, har fire av ti blitt meir forsiktig med å ytre sine meiningar, og to av ti har slutta heilt å delta i debattar. Berre 16 prosent seier dei har blitt meir motiverte. Samtidig er det dei som treng meir representasjon, kvinner og minioritetsgrupper, som blir ramma oftast og hardast. Desse tala er rystande, og viser at dette er med på å svekke ytringsfriheita.

Det er i hovudsak voksne som skriv desse kommentarane. Dei har jobb, partner eller er gift, og nokre har til og med barn. Dei er altså skremmande vanlege. For dei er ikkje nødvendigvis onde personar. Dei hadde ikkje kunne stått ovanfor oss og sagt dette. Eg forsvarleggjer ikkje handlingane med dette, men ser at det er menneskje bak skjermen. Og det er det som altfor ofte manglar.

Når ein blir skikkeleg sinna, og sit med kommentarfeltet framfor seg, er det altfor lett å uttrykke seg gjennom slike kommentarar for å oppnå følelsen av kontroll. Då er det viktig å hugse at det sit eit menneske på andre sida av skjermen. Før ein både skriv og publiserer kommentarar, er det viktig å gjere seg opp nokre tankar: Kva bidreg eg med ved å skrive denne kommentaren, og kva vil mottakaren sitte igjen med?

Haldningar er også eit problem. Egil Marthin Solberg, som står bak Facebook sida Aktuelt Sunnhordland, kommenterte saka i lokalavisa Sunnhordland. Her seier han at «kommentarane høyrast ut som nokon som prøver å vera løgne», altså å vere morosam. Me undrast kor moro det eigentleg er å seie at ein ynskjer å sjå engasjert ungdom brenne. Vidare fortel han at dersom han skulle ha sletta kommentarar, så måtte dei ha vore «retta mot personar på ein vondskapsfull måte», noko som Solberg ikkje hadde oppfatta.

Attpåtil legg Solberg fram kommentaren at me bør finne oss i dette, grunna at «ein kan aldri bli topp-politikar om ein tek seg nær av slik». Her vert det altså stilt slike krav til ein 15-åring og resten av aksjonistane som engasjerer seg i samfunnet, men ikkje eit einaste krav til dei som kjem med dei grovaste kommentarane.

Er ein så tolerant at ein gir intoleransen fritt spelerom, har toleransen tapt. For å sikre ytringsfridomen til dei vaksne som hetsar, vert unge røyster tia til stillheit.

Netthets hever terskelen enormt for å ytre seg, og dette er synleg spesielt hos unge. Kven sit på andre sida av skjermen? Kva skjer når vaksne prøver å vere «løgne» og seier til unge som engasjera seg at dei skal brennast? Dei vegrar seg for å gjere det igjen. Brent barn skyr ilden – og om ikkje me gjekk opp i flammer, så brant me oss iallfall.

Dette innlegget stod først på trykk i Dagbladet, og er attgjeve i Stord24 med løyve frå artikkelforfattarane.