Rune Åsheim Mo. Foto: Lysekloster
- Annonse -

Nysignert Stord-spelar Rune Åsheim Mo meiner han blei skremt og manipulert til å slutte i sin førre klubb Lysekloster. 

I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at Rune Åsheim Mo skal i rettssak mot Lysekloster. Det gjaldt ikkje Mo, men ein annan tidlegare spelar i klubben.

Rune Åsheim Mo melde overgang frå Os-klubben Lysekloster til Stord tidlegare i haust. No fortel 24-åringen om ein konfliktfylt slutt på karrieren i Lysekloster.

I dag startar nemleg ein rettsak mellom Mo og Lysekloster. Bakgrunnen er at fotballspelaren kjenner seg skremt og manipulert til å signere sin eigen sluttavtale med klubben.

Det skriv BA i dag.

Avisa skriv at bakgrunnen for konflikten skal vere at Mo vart skada i sommar og trente alternativt for Lysekloster i ein periode. I slutten av august skal leiinga i klubben ha kome med kraftige skuldingar mot han, blant anna for for å vere illojal og lokke andre Lysekloster-spelarar til ein annan klubb.

- Annonse -
- Annonse -

I følgje 24-åringen skal han ha fått beskjed om at «det blir eit helvete» dersom han ikkje signerte termineringsavtale med klubben.

- Annonse -

– Eg kjende meg veldig pressa til å gjere det. Eg ville aldri ha signert på avtala viss eg ikkje kjende meg nødt til det. Dette var hovudinntektskjelda mi, men eg tenkte berre at eg måtte vekk derfrå. Det var ein veldig ubehageleg situasjon, seier midtbanespelaren frå Sunde i Kvinnherad til avisa.

Han fortel at han ønskjer å gå ut med saka for at andre spelarar skal sleppe å oppleve noko liknande, og at sponsorane til klubben «skal vite kva dei gir pengar til.» Målet hans er å nullstille termineringskontrakten då han meiner denne er signert på feil grunnlag, noko klubben har avvist.

Leiar i Lysekloster, Bjørn Samdal, stiller seg uforståande til kritikken.

– Dette var eit av mange møter me har med ein A-lagspelar rundt oppgåver og ansvar på treningar og i kamp, og som trenaransvarler. Lysekloster hadde ingen planar om terminering av kontrakten før dette møtet, seier Samdal til BA.

- Annonse -