Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

PPT-samarbeidet mellom Stord og Fitjar vert utvida. No skal tysnesingane også vere med.

Administrasjonen har forhandla fram ei avtale om samarbeid om pedagogisk-psykologisk teneste med Fitjar og Tysnes, som no vert lagt fram for for godkjenning av politikarane.

Grunnen til at tysnesingane snur seg mot Stord er at Os kommune har sagt opp sin samarbeidsavtale med Tysnes kommune knytt til PPT-tenestene frå og med i haust.

– Den beste løysinga

– Rådmannen er nøgd med at samarbeidet vert vidareført, og meiner at det er den beste løysinga for pedagogisk psykologis teneste i Tysnes, Fitjar og Stord, skriv rådmannen.

For at den auka arbeidsmengda ikkje skal gå ut over PPT-tilbodet til Stord sine innbyggjarar, vil tenesta bli utvida med ein 100 prosent stilling.

- Annonse -

I fjor haust var Fitjar og Stord usamde om kostnadane knytt til PPT-samarbeidet. Stord meinte Fitjar kommune burde betale mykje meir, noko som Fitjar kommune meinte var urimeleg. Det er bakgrunnen for at den gamle avtala vart sagt opp.

Lågare kostnader

- Annonse -
- Annonse -

I den nye avtala, som omfattar tre kommunar, skal Fitjar betale nær 1,6 millionar kroner årleg for samarbeidet, og Tysnes 1,3 millionar kroner. Det er ein kostnad som svarar til det Fitjar kommune sa seg villige betale i fjor haust.

– Den nye avtalen er meir i tråd med regelverk og sentrale forventingar om oppgåveløysing, samt ei fordeling av kostandar som speglar oppgåvene enn det den gamle avtalen mellom Fitjar og Stord kommune var, skriv rådmannen.

- Annonse -