Geir Angeltvei. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Geir Angeltveit i Stord Ventre er neste mann ut i Stord24 sin presentasjonsrunde for ordførarkandidatane.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Me ønskjer å setta eit mål for kommunen om å bli ein av landets fremste oppvekstkommunar innan 2030. Dette er oppnåeleg men betyr at me må satsa ikkje kutta på tilbodet til born og unge. Det gjer me gjennom gode løysingar for tilsette i skule og barnehage, eit styrka kultur-, idrett- og fritidstilbod.

Og ikkje minst må nye Nysæter Ungdomsskule byggjast for å sikra elevar og tilsette eit verdig skulebygg og ei ny storstua og samlingsstad for kultur og idrett i Sagvåg-Litlabø. Med eit fullskala 25-meters basseng.

Samtidig er det vårt ansvar å ta vare på vårt nærmiljø og ivareta natur og gode bumiljø for framtidige generasjonar. Samstundes som me arbeider målretta med å redusera klimagassutsleppa i kommunen. Som landets mest olje- og petroleumsavhengige kommune har me også eit ansvar i å vere gode ambassadørar for berekraft, og omstilling til det grøne skiftet. Det er viktig for Venstre ikkje berre i ord, men også når avgjerslene vert tatt i kommunestyresalen.

Og så er me heilt avhengige av å skapa grobotn for fleire og meir varierte arbeidsplassar på Stord. Både ved å bidra til å skaffa nye grøne oppdrag til eksisterande industri, og legga til rette for ny industri og nye verksemder. Me er alt for sårbare for svingingar innan petroleumssektoren. Stord er verdsmeister i omstilling, og Venstre er deira største støttespelar i arbeider vidare.

- Annonse -

For å gjere alt dette må me først og fremst gjenerobra det økonomiske handlingsrommet. Det er kostbart å ligga bakpå med planlegging og positive val i kommunen fordi ein ikkje har eit tilstrekkeleg romsleg handlingsrom.

–  Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?

Omstilling i næringslivet til grøn industri.

Trygga Stord som regionsenter og regionsenterfunksjonar som sjukehus og høgskule, særskild i møte med Rogfast.

Folkehelseutfordringar innan einsemd, fysisk fostring, tilhørighet og trivsel. I absolutt alle aldrar. Legga til rette for meir miljøvenleg og helsefremjande transport som gange og sykling.

Skapa eit sosialt berekraftig lokalsamfunn med godt omdømme og gode rammer for alle innbyggjarar.

Ivareta kommunen som attraktiv for å busetje seg i og stifta familiar.

Planlegga for fortetting og meir næringsareal, utan at det går alt for mykje utover nærmiljøet og ‘hundremeterskogar’.

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?

Me må ha tettare samarbeid mellom kommunane. Tida der Samarbeidsrådet for Sunnhordland består av eit knippe ordførarar frå eit knippe parti er over. Det bør utvidast til å aktivisera alle partigrupper og samfunnslag i Sunnhordland i arbeidet med å koordinera våre felles behov og utfordringar. På tvers av offentleg, politisk, næringsliv- og organisatoriske skiljelinjer.

Ved å arbeida målretta med ein regionstrategi kan me vere pådrivar ovenfor myndighetene uansett politisk fleirtal eller skiftande næringsliv.

Oppretta og om mogeleg samarbeida om eit interkommunal kommuneplankontor saman med Fitjar, Bømlo m.fl.

Ved å fremma kvarandres arbeid inn i mange ulike forum løftar me kvarandre som kompetente og tydelege lokalsamfunn. Då må ein velja politikarar som er villige til å kniva mindre og samarbeida meir.

– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

Me er heilt avhengig av å ta store grep for å effektivisera drifta i kommunen. Venstre har tidlegare føreslått eit gjeldstak for å setta eit mål på kor høg risiko me er villige til å ta på oss. Samstundes må me prioritera kva me ønskjer å bygga ut og kva som ikkje er nødvendig. Til dømes ønskjer ikkje Venstre å bruka pengar på eit nytt kyrkjelydshus når me har skular som står i kø.

I tillegg bør me redusera nedbetalingstida på låna våre for å redusera utgiftene til renter og ikkje overlata rekninga for dagens investeringar til to generasjonar fram. Det er på ingen måte berekraftig.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og ellers i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutvklinga går i rett retning?

Fortetting er positivt, då sparar ein natur og ubebygd areal. Høghus er miljøvenlege ved å ikkje ta ekstra areal, og er energieffektive samanlikna med einebustadar. Samstundes er det viktig at ein ivaretar ein viss arkitektonisk kvalitet og ikkje gir tapt alt for mykje sol og utsikt.

I framtida bør me også sikra oss at nye utbyggingar ivaretar fasader på gateplan. Slik at det er butikkareal på eit plan på Leirvik. I tillegg ønskjer me å sjå om det er mogeleg å flytta parkeringa under jorda, slik at ein på den måten kan frigjera meir av overflata i sentrum til gåande og syklane. Ved å ha innkøyring i Grisarompo/øvre Sæ.

Me burde hatt ein sentrumsplan for fortalte innbyggarane og bebuarane kva målet er, istedenfor at kvar einskild utbygging skal lappa litt på t.d. ein promenade, så vert midlar til ‘rekkefølgjekrav’ samla i eit fond for å utløysa heile prosjekt. Som opprusting av Torget, promenade eller amfi rundt Kulturhuset. Konkret og heilskapeleg utvikling istedenfor stykkevis og delt.

- Annonse -