Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde tykkjer det er trist at den gamle mølla i Sagvåg blei totalskadd i brann søndag kveld.

Søndag kveld oppsto det brann i den gamle mølla i Sagvåg. Bygningsvernkonsulent ved Sunnhordland museum, Bjørn Arve Lunde, seier det er eit sjeldan fortidsminne som no er gått tapt.

Bjørn Arve Lunde. Foto: Napha

– Det er relativt uvanleg at me har hatt møller. Dei er jo ein del meir avansert enn kverner, som me har hatt fleire av. Dette var ein av dei aller siste, seier Lunde.

– Stord-samfunnet er blitt litt fattigare etter dette.

Han viser til at området ved utlaupet av Storavatnet er svært viktig historisk sett.

– Det er eit veldig interessant område som handlar om det hydroskopiske, altså det me brukar vatnet til. Det er grunn til at den eldste saka i Sunnhordland har stått i utlaupet her. Det har vore eit lite kraftverk, med mølle og kvern.

- Annonse -
- Annonse -

Lunde understreker likevel at den største raseringa av denne mølla skjedde for lenge sidan.

- Annonse -

Sjå bileta frå brannen her:

– Mølla hadde eit usedvanleg interessant interiør før, men dette blei teke vekk då dei byrja med plastbåtproduksjon i bygningen. Det som sto att var murveggane og trekledninga. Difor har ikkje bygninga vore med på bygningsvernplanen.

For nokre år tilbake brann også den gamle saga i Sagvåg, like ved gårsdagens brann.

– Så det er to historiske bygg som er vekke frå dette historisk interessante området dei siste åra. Det synest eg er veldig trist.

Han tør ikkje seie sikkert kva tid mølla blei bygd, men viser til at ei tilsvarande mølle ved Frugardselva i Leirvik blei bygd heilt på starten av 1900-talet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -