Under feiringa fekk medlemmer av Stord og Fitjar Røde Kors Hjelpekorps utdelt HRK Hjelpekorps fortjenestemedalje for viktig og langvarig betydning for Røde Kors.
- Annonse -

LESARBREV: – Tusen takk til alle medlemmer: aktive i alle aktivitetar og støttemedlemmer, noverande og tidlegare leiarar for det fantastiske arbeidet dykk har gjort og gjer, skriv leiaren i 70-årsjubilanten Stord Røde Kors.

Av: Anne Kvalheim, leiar i Stord Røde Kors

Lørdag 20. oktober markerte Stord Røde Kors 70 års jubileet og Besøksvenner sitt 60 års jubileum med feiring på Stord Hotel med god mat, historia i tekst og bilder, samt god musikk.

Ordførar Gaute Epland var og med på feiring ilag med representantar frå Hordaland Røde Kors.

24. oktober 1948 var det oppstartsmøte for Røde Kors på Stord og det vart valgt styre med Bjarne Gundersen som formann. Første ordinære årsmøte var i april 1949, då vart Gerhard Haugland valgt til formann og det var han i 28 år!

Bredo Larsen overtok etter han, deretter fulgte Erling Andsjøen, Gunhild Johansen, Jan Dagfinn Vik og i 2018 er Anne Kvalheim leiar.

- Annonse -

Stord Røde Kors har hatt mange tilstellingar og aktivitetar på desse 70 år, blant anna:

Røde Kors Veka, basar, Barnas Dag, TV2 lotteriet, moteoppvisning, Husker du, loppemarked, kassabilløp, Dei kvite syklane, bingo, klesinnsamling, innsamlingsaksjonar, barnebilseteutleige, migrasjonsaktivitetar, aktivitetar for utviklingshemma, småbarnstreff, pepperkakeby, julemesse, treffstader for eldre, besøksvenn i institusjon og privat, aktivitetar for barn og unge, førstehjelpskurs med meir.

Pasientvenner er 60 år i 2018 og vart starta 8. Mars 1958 med Jenny Eide som formann. Seinare vart namnet endra til Besøkstjenesten/besøksvenner.

Besøksvenner har i alle år vore aktive med besøke på sjukeheimar og sjukehuset kvar veke og går der med boktralle og tralle med aviser, blad, frukt og sjokolade. Besøksvenner lager og til sosiale treffstader for eldre og går på besøk i private heimar.

Under feiringa fekk medlemmer av Stord og Fitjar Røde Kors Hjelpekorps utdelt HRK Hjelpekorps fortjenestemedalje for viktig og langvarig betydning for Røde Kors: Anita Halstensen, Lars Rydland, Alf Magne Tveit, Kjetil Almås, Trygve Jakobsen, Harald Bore og Bjørn Eriksen (post mortem)

Stord Røde Kors har støtta mange prosjekt i nærmiljøet vårt: bl.a. telefoner og lydanlegg på sjukehuset og ismaskin til sjukeheim, me gir julegåver og proviantkassar til jul, me har støtta Sorg og Omsorg i mange år, og me har støtta born og unge i aktivitetane med meir.

Som jubileumsgave fra Stord Røde Kors gir me 50 000,- til distriktsprosjektet vårt på Kypros. Midlane går til nødhjelpspakkar for båtflyktningar og til born og eldre.

Me støttar og nødhjelpsarbeidet etter flom og tsunami  i Indonesia med 30 000,-

TUSEN TAKK til alle medlemmer: aktive i alle aktivitetar og støttemedlemmer, noverande- og tidlegare formenn/leiara for det fantastiske arbeidet dykk har gjort og gjer.

Utan dykk hadde ikkje Stord Røde Kors vore her i dag som ein så aktiv foreining!