Linda Grundtvig i Framstegspartiet.. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Framstegspartiet og SV var dei einaste som røysta i mot Hordfast AS sitt ønskje om å innføre bompenger på ferjene.

Sjølv om eit fleirtal på Stord ønskjer bompengane velkomen, så spørs det kor sannsynleg det er at dei vil bli innført.

Både Os og Fitjar kommunar har nemleg sagt nei, og Tysnes-politikarane gav eit delvis ja. Det uroa Sverre Olav Svarstad i Høgre.

Forundra

– Det forundrar meg det som er skjedd i Os og dei andre kommunane. Å ikkje innføre førehandsinnkreving vil føre til forsinking av oppstarten. Eg vil åtvare mot å gå i mot framlegget, sa Svarstad.

– Me skal vere glade for pengar til planlegging, og det vil setje oss i stand til å ta opp lån gjennom sikkerheit som gjer at ein kan kome i gang med prosjektet raskare.

Han reagerte spesielt på at Framstegspartiet er i mot førehandsinnkrevjing.

- Annonse -

– Signala frå Frp kan føre til at heile prosjektet kjem i bakevja. Eg åtvarar sterkt mot å støtte deira framlegg. Dette går rett og slett på realismen i Sunnhordland sitt forhold til å ønskje prosjektet realisert, sa Svarstad.

– Ikkje nødvendig

Linda Grundtvik (Frp) meinte det var unaudsynt med bompenger, og hadde tru på at prosjektet fint kunne realiserast utan.

– Dette prosjektet vil kome uansett. Eg trur det er lite å hente på førehandsinnkrevjing. Det er heller ikkje rettferdig å krevje bompengar til eit prosjekt før det blir realisert.

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) gav eit tydeleg stikk til regjeringa sitt forhold til bompengar under handsaminga av saka.

– Det er ein pussig situasjon når me har ei regjering som skapar rekordar i bompengeinnkreving. Eg synest det er synd at me no sit med fire kommunar, der tre kommunar er styrt av regjeringsparti som alle seier nei til bompengane. Så skal me sitje og vere ansvarlege ved å gå for dette.

Skurrar

– For meg er det veldig mykje som skurrar i saka, og eg er overtydd om at dersom me ikkje går for bompengeinnkreving så vil det skapast eit bilete om at me ikkje er for prosjektet, sa Bjelland som dermed tvilte seg fram til eit ja.

Varaordføraren fekk også lagt til eit tilleggspunkt i vedtaket, om å sende ein førespurnad til samferdselsdepartementet med spørsmål om førehandsinnkreving av bompenger vil føre til ei raskare realisering av prosjektet.

Ordførar Gaute Epland var ugild i saka, då han er styremedlem i Hordfast AS.

- Annonse -