Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 33 år gammal mann blei i fjor sommar ulovleg ransaka av politiet.

33-åringen, som kjem frå ein kommune i Sunnhordland, sat på ein benk ved Bård Haugland-statuen på Nattrutekaien i Leirvik sentrum 1. juni i sommar, då politiet oppsøkte han.

Politiet beslutta då å gjennomføre ein ransaking av mannen, sjølv om han ikkje hadde gjort noko gale. Mannen protesterte mot å bli ransaka, men det ville ikkje politiet høyre på.

Under ransakinga fann dei eit parti med 50 gram hasj i ryggsekken hans.

Mannen møtte nyleg i Sunnhordland tingrett, der han blei dømt til fengsel for vald og trugslar frå ein episode i mai 2017. Han blei også dømt for hasjbeslaget, sjølv om retten slår fast at ransakinga som førte til beslaget var ulovleg.

Gjorde ikkje anna enn å sitje på ein benk

I tingretten forklarte politibetjenten frå Stord lensmannskontor at 33-åringen blei ransaka fordi han meinte at mannen med skjellig grunn kunne mistenkast for befatning med narkotika. Han grunnga dette med at han oppholdt seg like ved Maris-senteret, der det er kjent at narkoomsetnad føregår.

- Annonse -
- Annonse -

Men retten er klar på at dette ikkje er tilstrekkeleg for at politiet kunne ha skjellig grunn til mistanke.

Her ved Bård Haugland-statuen sat mannen då han blei ulovleg ransaka.

«Retten peikar på at tiltalte ikkje framsto som rusa, at politiet ikkje hadde konkrete opplysningar, og at dei ikkje hadde observert aktivitet som tyda på at tiltalte var involvert i narkotikaomsetnad».

– Politibetjenten hadde ikkje kompetanse til å avgjere ransaking, all den tid tiltalte ikkje gjorde noko anna enn å sitje på ein benk. Ransakinga var soleis ulovleg, slår Sunnhordland tingrett fast.

– Ganske spesielt

Advokat Håkon Velde Nordstrøm. Foto: Borgen Advokatar

Forsvararen til 33-åringen, Håkon Velde Nordstrøm i Borgen Advokatar, reagerer på den ulovlege ransakinga.

- Annonse -

– Det politiet gjer er at dei ser han sit på ein benk ved Bård Haugland-statuen, og dreg kjensel på han frå tidlegare saker. Då ransakar dei han med grunnlag i at han er ham, og han befinn ser der han er.

Han meiner politiet si grunngjeving for å gjennomføre ransakinga er merkeleg.

– Politiet meiner ransakinga skjedde med heimel i fersk gjerning eller ferske spor. Det er ganske spesielt. For viss det er tilfelle vil jo ein kvar som har vore i kontakt med politiet tidlegare knytt til narkotika kunna bli utsett for ransaking i Leirvik sentrum når politiet finn det for godt, seier Velde Nordstrøm.

Får ingen betydning for klienten

33-åringen blei som tidlegare nemnd dømt for beslaget som var eit resultat av ransakinga. Velde Nordstrøm viser til at det i Norge er høve for aktoratet å føre ulovleg innhenta bevis, i motsetnad til i USA, der ulovleg ransaking ikkje kan brukast i retten.

– Dette får ingen betydning for min klient. Det skal gjevast ein kompensasjon for at klienten min blei utsett for brot for menneskerettane, og den minste kompensasjonen er at det vert konstatert at det føreligg brot. Det er det minste plasteret på såret.

Forsvararen seier han ikkje har grunnlag for å fastslå at denne type ulovleg ransaking føregår ofte.

– Dette er ikkje daglegdags. Politiet er nok klar over regelverket. Når eg meiner at ei ransaking i ei konkret sak ikkje er lovleg, må eg som forsvarar gjere det gjeldande på vegner av klienten min, seier Velde Nordstrøm.

Stord24 har ikkje hart å få kontakt med Stord-lensmann Roald Raunholm for ein kommentar til saka.

- Annonse -