Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune er ein 12 kommunar/fylkeskommunar som KS har plukka ut til delta i eit prosjekt for omstilling til lågutsleppsamfunnet.

– I lys av klimaendringane og internasjonale og nasjonale klimamål er omstilling til låg- og nullutsleppssamfunnet vår viktigaste og største utfordring framover, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

Han meiner kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med å redusera utslepp av klimagassar. Mellom anna ved å jobbe for å effektivisere og leggje om energibruken, og leggje til rette for at næringslivet gjer det same.

– Stord kommune ønskjer å ta ei leiarrolle i dette, seier Epland.

Sentral del av planarbeidet

Han viser til at Stord kommune gjennom dei siste åra har gjort ein god innsats for å løfte klimasaka på agendaen. Det er no 10 år sidan kommunen utbarbeida sin eigen Klima- og energiplan.

– Kommunestyret har vedteke at dette er noko som skal løftast opp og vera ein sentral del i den overordna kommuneplanen når denne skal reviderast i nær framtid.

- Annonse -
- Annonse -

Noko av dei viktigaste konkrete prosjekta for kommunen er å miljøsertifisere kommunale bygg.

- Annonse -

– Det er og sett i gong eit viktig arbeid med å miljøsertifisera alle dei kommunale einingane. Så langt er rådhuset, biblioteket og kulturskulen miljøsertifisert, og dei kommunale barnehagane er i full gong med arbeid for å bli sertifiserte. Deretter står skulane for tur.

– Ser veldig fram til dette!

KS-prosjektet som Stord no vil bli ein del av, har som føremål å gjennomføre eit praktisk utviklingssamarbeid. Kommunane vil stille med 4-7 representantar på samlingane.

Epland er svært glad for å vere del av nettverket.

– Eg tenkjer at det å vera med i eit slikt nettverk vil vera utviklande for oss som organisasjon og bidra til at Stord kommune kan vera i fronten av omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Me vil samarbeida tett med og kunna læra av andre kommunar som er offensive i sitt omstillings- og klimaarbeid. Me ser veldig fram til dette!

- Annonse -